Møre og Romsdal fylkeskommune må kutte budsjetta med 1,7 prosent

Portrettbilde av ei dame.
Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

– Det er lite realistisk å få Todalsfjordprosjektet oppstarta i løpet av dei første 10 åra

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i desember å redusere fylkeskommunen si drift med 90 mill. kroner i 2024. Fylkeskommunedirektøren legg no fram forslag til korleis dette kan gjerast, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Innsparinga vil ikkje vere tilstrekkeleg, og framover må nivået enda meir ned slik at drifta på lang sikt står i samsvar med inntektene. Det går fram av fylkeskommunedirektøren sitt forslag til «Innsparingskrav 2024», som tysdag etter påske skal til den første politiske behandlinga i dei tre hovudutvala.

– Driftsnivået må reduserast kraftig for at fylkeskommunen skal ha ei drift i balanse, skriv ho i saksframlegget. Og forklarar kvifor: 

– Fylkeskommunen har over fleire år hatt betydelege investeringar, som har ført til høg lånegjeld. Den høge lånegjelda, i kombinasjon med auka rentesats, har ført til at fylkeskommunen må betale 285 mill. kroner meir i renter og avdrag i 2024 enn i 2022.

Forsøker å skåne tenesteproduksjonen

Forslaget er å redusere driftsnivået for 2024 med 90 mill. kr, og i arbeidet med innsparingstiltaka har fylkeskommunen prøvd i mest mogleg grad å skåne tenesteproduksjonen. 

Det er dei store områda kompetanse- og næring og samferdsel som må kutte mest målt i kroner; dei må ta ned drifta med til saman 71 mill. kr i 2024:

  • Kompetanse- og næringsområdet: Innsparingar på 23,9 mill. kr. Fylkeskommunedirektøren har berre foreslått innsparingstiltak som ikkje går direkte på skolane. Unntaket er at klassar med låge søkartal ikkje vert sett i gong hausten 2024. Fleire skolar hadde i 2023 eit meirforbruk, som den enkelte skole må dekke inn dei kommande åra.
  • Samferdselsområdet: Innsparingar 47,1 mill. kr.
    KOSTRA-tala frå dei siste åra viser at fylkeskommunen spesielt på ferje brukar mykje meir til drift enn det staten gjennom inntektssystemet legg opp til. Det er derfor foreslått tiltak som kan redusere denne differansen. Også samferdselsområdet hadde eit meirforbruk i 2023 som må dekkast inn i 2024. Avviket her er i hovudsak grunna betydeleg lågare inntekter enn budsjettert. 

Om lag 35 færre årsverk

Etter Omstilling 2020 har det vore arbeidd vidare med tiltak for utvikle organisasjonen og redusere driftsnivået. Reduksjonen av tal årsverk knyter seg difor ikkje berre til dei innsparingstiltaka som blir føreslått no. Som følgje av dei samla omstillingstiltaka blir tal årsverk redusert med om lag 35 årsverk ved utgangen av 2024 samanlikna med tal årsverk per 31.12.23. Det meste av årsverksreduksjonen er knytt til fag- og stabsavdelingane. Overtal som følgje av reduksjon i klassetal vil kome i tillegg til desse.

«Talet på årsverk vil endre seg kontinuerleg. Stillingsstoppen vil vidareførast og alle stillingar vil bli nøye vurdert før ei eventuell utlysing internt eller eksternt. Fylkeskommunedirektøren vil fortsette arbeidet med å redusere talet på årsverk i åra som kjem, gjennom bortfall av oppgåver og naturlig avgang», går det fram av saksframlegget.

Minst 150 mill. i 2025-2027

For kvart av åra frå 2025-2027 skal det sparast inn med ein årleg effekt på minst 150 mill. kr. 

I saksframlegget har fylkeskommunedirektøren konkrete forslag til innsparingstiltak, der ho med bakgrunn i risikovurderingar peikar på konsekvensar av kuttforslaga. Til saka ligg det også ei liste med alternative innsparingstiltak, med konsekvensar. Slik kan politikarane velje andre tiltak enn dei føreslegne innsparingstiltaka til fylkeskommunedirektøren. 

Skyver på investeringar - m.a. Todalsfjordsambandet

Fylkeskommunedirektøren har også lagt fram eit forslag til kva investeringar som i budsjettet for 2024 kan utsettast, etter vedtaket i fylkestinget i desember om å redusere låneopptaka med om lag 250 millionar kroner. Sidan prosjekta delvis er finansiert med momskompensasjon, må brutto investeringar reduserast med om lag 305 millionar kroner. Fylkeskommunedirektøren foreslår å utsette investeringar for 320 millionar kroner i 2024 – av dei er det 246 mill. kr på samferdselsområdet og 63 mill. kr på kompetanse- og næringsområdet. 

Planleggingsarbeidet bør utsettast

I videoen under (etter 16 minutt, 35 sek) kommenterar fylkeskommunedirektøren kva konsekvensar fylkekommuneøkonomien har for Todalsfjordsambandet.

– Men den økonomien fylkeskommunen har no er det lite realistisk å få Todalsfjordprosjektet oppstarta i løpet av dei første 10 åra. Planleggingsarbeidet bør derfor og utsettast til vi kjem nærmare byggestart for prosjektet, slik at dei utarbeidde planene bli så gode som muleg, seier Hovdenak. 

Ho held fram:

 – I tillegg er det no klart at reguleringsplankostnadane er dobla frå 30 til 60 millionar kroner. Det er likevel viktig å understreke at prioriteringsrekkefølga for dei store prosjekta ligg fast.

Etter den politiske behandlinga av saka i dei tre utvala, skal saka vidare til fylkesutvalet 8.-9. april, før endeleg behandling i fylkestinget 22.-24. april. 

Les meir på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.

Powered by Labrador CMS