Et portrettbilde av en eldre mann.

Jon Storløkken til minne

Mange var til stades i Ranes kyrkje og tok avskjed med Jon Storløkken fredag 1. mars. 

Ein uvanleg allsidig og dyktig entusiast på mange samfunnsområde er borte.

Venner og naboar, arbeidskameratar, bil- og fartyveteranar, historieinteresserte og slektsforskarar er blant dei som har mista ein kunnskapsrik og alltid positiv inspirator.

Jon var frå Oppdal. Frå 18-års alder var han sjømann - først på hurtigruta, seinare i utanriksfart som maskinist. Han besøkte dei fleste verdensdelar og kjente seg ofte att når byar og hamner dukka opp på TV-skjermen. Som seinare ferjemaskinist stod han midt i moderniseringa av lokal samferdsel. 

Jon vart gift med si Kari i 1973. Dei fekk borna Siv og Per. Dei siste vel 30 åra budde ekteparet på Surnadalsøra.

Engasjement var eit varemerke for Jon - på svært mange felt. Han hadde ei enorm samling av veteranbilar, som han mekka på med fagleg innsikt. Tett opp til dette låg hobbyen med ein imponerande modellbilbane. Like eins laga han og samla modellbåtar.

Saman med sitt engasjement for krigsveteranar jobba han mykje med bevaring av kutteren «Kvalsund», kjend frå Shetlands-trafikk og minesveiping under krigen.

Slektsforsking opptok Jon sterkt. Sjøl spora han si eiga slekt tilbake til store namn i vikingtida. For Indre Nordmøre Slektsforum, fylkeslaget Slekt & Data og i det lokale bygdebokarbeidet gjorde han ein uvurderleg innsats. Dette vart også framheva av Tor Ålbu, som under bisettelsen bar fram blomsterhelsing frå Slektsforum.

På Bøfjorden Sjøbruksmuseum vil Jon sin stol stå tom. Han var ein dyktig medlem av historielaget og skaffa museet mange verdifulle gåver. Her heldt han seinast i august eit interessant biletforedrag om sine opplevingar som sjømann. Meininga var at han komande sommar skulle gi oss del 2 av dette fascinerande programmet. Slik skulle det dessverre ikkje bli.

Midt i eit djupt sakn er det godt å ha mange rike minne etter det gode mennesket Jon Storløkken.

Bernt G. Bøe

Powered by Labrador CMS