
Amigos øver til Vårsøghelga
Her er gjengen i Amigos, som skal synge saman med Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene under konserten på Surnadal Kulturhus søndag 25. mai kl 19.00.
Amigos består av ungar frå Bøfjord, Åsskard og Bæverfjord. Dei har øvd mykje på songane, og gler seg stort til å få møte Herborg, og til å få opptre saman med ho og TrondheimSolistene i Storstuå.
Amigos dirigerast av Bodil Kvam Aasbø.