Palmesøndag i Stangvik:

Ungt og grønt

Palmesøndag har særpreg i tekster og tonar. Grøne greiner i unge hender opnar gudstenesta i Stangvik!

Publisert

For dagens preg er ungt. Eit barn blir døypt. 6-åringar får «Mi kyrkjebok». Konfirmantar har tenesteoppgåver.

– Og grønt bør det vera på ein palmesøndag! seier prest Torbjørn Brøske. Om ikkje palmene akkurat susar i Stangvika, har han både tuja og kristtorn i hagen. - Tujagreiner vil svaie i barnehender under inngangsprosesjonen!

En mann som står ved siden av en stor busk.
Tujaen frå hagen på Rutån blir flotte palmegreiner til inntoget! seier Torbjørn prest. - Kristtornen i bakgrunnen kan koma til nytte ein annan gong.

Dagens tekster fortel om Jesu inntog i Jerusalem før hans siste påske. Songane lyder av både Hosianna, dåpsundring og scener frå «Mi kyrkjebok». Forutan dåp er det nemleg også utdeling av kyrkjebok til 6-åringane. 

Konfirmanter
Konfirmantar under ei tidlegare gudsteneste.
Konfirmanter
Konfirmantane får gjerne roller, som korsberar – eller som dåpsassistent.

Som vanleg deltek konfirmantar med liturgiske oppgåver. Korgruppa på galleriet gir kraft til allsongen. Og da svingar dei frå «Rydd vei for Herrens komme» og «Hosianna» til Egners barnebøn og litt påskejubel.

Med optimistiske «No livnar det i lundar» rundar forsamlinga av sjølve messa før dei nyter kyrkjekaffe, saft og kaker.

Slik kan ein starte påskeferien 2024 i Stangvika.

 

Powered by Labrador CMS