Barnehagedagen 2023

Inni grillhytta vart det teikna troll.

Det er ikkje tamt når alle førskule­ungane samlast

- med troll som tema vart det feira både barnehagedag og 20 års-jubileum.

Publisert Sist oppdatert

For første gong etter koronarestriksjonar vart barnehagedagen feria med alle førskuleungane i kommunen samla. Før har det vore vanleg å samlast på kulturhuset, men i år var alle invitert til Bæverfjor barnehage, som samtidig feirar 20 år.

Bæverfjord barnehage 20 år.
Ungane kom frå Midtigrenda, Øye og Skei, Bårdshaugen, Mo, Todalen og Stangvik, Bøfjorden og Bæverfjord. Styrar i Bæverfjord barnehage, Gerd Bodil Sæterbø, ønskjer alle velkomne.

Til å lage litt trolsk stemning var Boll og Bøllu, iTrollheimen invitert. Mange av ungane kjende til karakterane frå boka, og hadde mykje å bidra med under forestillinga.

Gøran Bolme frå iTrollheimen fortel om Boll og Bøllu sine sprell og påfunn.

Etter forestilling i gymsalen, pølse med brød til lunsj og sjokoladekake var det tid for leik ute. Barnehagen i Bæverfjord hadde delt inn til ulike aktivitetspostar.

I grillhytta var det hengd opp trollbilde til inspirasjon, og ungane måla og teikna sine eigne.
Djup konsentrasjon og undring.
Alle barnehagar og skular i Surnadal kommune tek del i læringsløypa 'språk og skriving' saman med dei andre kommunane i Nettverk Nordmøre. Her har Eiril skrive namnet sitt med pinnar i snøen.
Aking i dei enorme brøytekantane var populært.
På denne stasjonen vart det laga troll av snø, kongler og pinnar.
Det kom besøk frå kommuneadministrasjonen og. Kommunedirektør Knut Haugen, kommunalsjef i oppvekst Astrid Mogstad Høivik og oppvekstfagleg rådgjevar Kenneth Bergstad var sjølvsagt på plass.
Ordførar Margrete Svinvik hadde nok ein ekstra triveleg dag på jobb.
Powered by Labrador CMS