Pressemelding:

Nytt fra Todalsfjord­prosjektet

Pressemelding Surnadal, 13.2.2023:

Todalsfjordprosjektet AS Kvalitetssikrar flytebru-alternativ Etter at det vart gjennomført ein verdianalyse av Todalsfjordprosjektet i fjor sommar, er konsulentselskapet Sweco i full gang med å utgreie undersjøisk tunnel mellom Åsbøen og Ålvundfossen. Parallelt med dette har Todalsfjordprosjektet AS bestilt ei uavhengig kvalitetssikring av kalkylane for eit flytebrualternativ i området der ferja går i dag.

Dagleg leiar Trond Skogseth i Todalsfjordprosjektet AS seier det er gode grunnar til at ein no òg kvalitetssikrar flytebrualternativet:

Feil grunnlag

– Flytebru har alltid vore med i diskusjonane og vurdert som eit attraktivt alternativ for Todalsfjordprosjektet, og i kommunedelplanen vart det òg opna for å vurdere flytebru frå Svinvik til Rakaneset. Men i fleire omgangar har denne løysinga vorte avskrive som alt for dyr, seinast i rapporten frå verdianalysen. No har vi fått ny informasjon som sterkt indikerer at desse konklusjonane kan vere fatta på feil og utdaterte grunnlag. Når vi no uansett er inne i ein kvalitetssikringsfase for å finne den aller beste løysinga, meinte eit einstemmig styre i selskapet at det er naturleg for oss å gjere ei oppdatering av også dette alternativet, som òg kan ha overføringsverdi til Svinvik-alternativet, seier Skogseth.

Selskapet hyra i januar konsulentselskapet Dr. Techn. Olav Olsen, landets kanskje mest erfarne og fremste fagmiljø på flytebruer, til å utarbeide eit skisseprosjekt for ei så kostnadseffektiv flytebruløysing som mogleg i ferjelei-området. Skogseth legg ikkje skjul på at økonomi er eitt av hovudargumenta for at ein no revurderer denne løysinga.

Konkurransedyktig

– Veg/bru/tunnel-alternativet frå Åsbøen til Ålvundfossen via Svinvik har i dag ein prislapp på over fire milliardar. Sjølv om vi ser dette som ei svært bra løysing, blir finansieringa stadig meir utfordrande, med auka renter og press på økonomien. På same måte som for undersjøisk tunnel, er det mykje som tyder på at ei flytebru no kan vise seg å vere svært konkurransedyktig økonomisk, og det må vi ta ein ekstra sjekk på. Den store, innlysande gevinsten med ei slik løysing omtrent mellom ferjeleia vil, som òg Rambøll påpeikte i verdianalyserapporten, vere at ein kan bruke store delar av det eksisterande vegnettet, fram til landfesta for brua, seier Skogseth.

Rapport i mars

Rapporten frå skisseprosjektet for flytebru-alternativet skal vere klar i mars, og da vil Todalsfjordprosjektet AS overlevere den til vegeigar – ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, som eventuelt vil ta alternativet vidare.

– Vi har eit godt og tett samarbeid med planprosjektleiar Løset og leiinga i samferdselsavdelinga. Dersom den første kvalitetssikringa viser eit interessant potensiale, både teknisk og økonomisk, vil fagfolka der behandle den vidare, i god tid før rapporten frå utgreiinga av undersjøisk tunnel er klar i slutten av april. I motsett fall vil ein etter sommaren gå vidare i planprosessen med eitt av dei to andre alternativa, seier Skogseth. Todalsfjordprosjektet AS og Skogseth forventar at eit nytt flytebru-initiativet vil bli møtt med både positive og negative reaksjonar:

– Fleire vil nok hevde at vi heller berre skulle fokusert på Svinvik-alternativet, men verken Todalsfjordprosjektet eller traseen for fjordkryssinga er vedteke av vegeigar Møre og Romsdal Fylke enno, og vi i ASet, som arbeider med finansieringa av alle desse milliardane og dermed realisering av prosjektet, er forplikta til å stå på for at sluttsummen skal bli så låg som mogleg – og løysinga den best moglege. Det er det beste både for oss som skal bruke sambandet og for skattebetalarane.

Fjordkryssingskonferanse

– Uansett kva for løysing og trase vi til slutt landar på vil ha sine fordelar og utfordringar. Det gjeld òg eit eventuelt flytebrualternativ mellom Kvanne og Rykkjem. Men dersom den totalt sett viser seg å vere den mest berekraftige løysinga – i forhold til samfunnsmåla, økonomi og miljøet – kan den òg vere den som raskast tek oss til målet om ein ferjefri fjord, påpeikar Skogseth.

Saman med Løset frå samferdselsavdelinga i fylket vil Skogseth gi ein heilheitleg status for Todalsfjordprosjektet på Fjordkryssingskonferansen i Kristiansund, torsdag 16. februar.

– Her vil alle dei ulike ferjeavløysingsprosjekta på Nordmøre legge fram status og nyheiter, og ikkje minst blir det søkelys på effektane “Eit Døgnåpent Nordmøre”, som er undertittelen på konferansen, vil ha, spesielt for næringslivet. Dei “skjulte” effektane er ofte enda større enn dei ein normalt inkluderer i slike finansieringsmodellar, og dette skal det bli interessant å få dokumentert, avsluttar Skogseth.

Powered by Labrador CMS