Møre og Romsdal fylkeskommune:

Avlyser valdebattar
Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal har vedteke at valdebattar i samband med årets skuleval ikkje skal gjennomførast.
Det blir alternativ gjennomføring med paneldebatt med avgrensa publikum frå tre skular (Molde, Fagerlia/Ålesund og Kristiansund/Atlanten), med streaming til dei andre skulane i fylket. Det vil heller ikkje blir arrangert valtorg.
Årsaka er den sterkt aukande smitten blant barn og unge. Det er registrert smitte ved fem vidaregåande skular i Møre og Romsdal, og vi ser store smitteutbrudd på videregåande skular i andre delar av landet.
Den opphavlege plana var at ni politiske parti skulle delta i skuledebatt på Surnadal vgs måndag 30. august.
Elevane på Surnadal vidaregåande skole vil bli med på skuledebatten via streaming frå Kristiansund 7. september.
Sjølve skolevalet blir gjennomført som planlagt.