![Per Helge Pedersen med påkjørt rådyr.](https://image.trollheimsporten.no/111202.webp?imageId=111202&x=0.00&y=0.00&cropw=99.72&croph=99.72&width=968&height=644&format=jpg)
Viltpåkjørsel
Dette fine rådyret vart funne påkjørt og livlaust i 50-sona ved prestegarden i Rindal sentrum.
Sjåføren varsla ikkje politi eller fallviltgruppe om påkjørselen.
Det var det ein annan trafikant som kontakta Per Helge Pedersen i fallviltgruppa i Rindal kommune.
Viltlova
Ei av pliktene folk har, er å skåne dyr for unødig liding. Viltlova slår fast at det ikkje er straffbart å kjøre på eit dyr, men at du kan straffast om du ikkje melder frå.
Varsling
Ring 02800 - Politiet, så varslar dei fallviltgruppa. Dei har folk som tek seg av det drepte eller skadde dyret, eller søker etter det med hund.
![Viltpåkjørsel](https://image.trollheimsporten.no/111200.webp?imageId=111200&x=0.00&y=0.00&cropw=47.15&croph=95.37&width=956&height=590&format=jpg)
Forsikringsselskapa har refleksband med telefonnummer og andre opplysningar. Dette kan du merke skadeplassen med viss du ikkje kan vente til ettersøksfolka kjem.
- Det er ein utriveleg jobb å ta seg av trafikkskadde dyr, seier Per Helge Pedersen, - men å forlate skadde dyr i vegkanten er hjertelaust!