Formannskapet i Surnadal gjennomførte møtet via Microsoft Teams. Øverst frå venstre og med klokka: kommunedirektør Knut Haugen, ordførar Margrethe Svinvik (Sp), Rakel Polden (Ap), kultursjef Lilli Husby, varaordførar Hugo Pedersen (Sp) og Eli Vullum Kvande (MDG).

Kom SIL Langrenn i møte - innvilga ekstra midlar til drift av uteanlegg

Formannskapet i Surnadal vedtok tysdag å bruke 65 000 kroner til drift av uteanlegg for allmennyttige folkehelse-tiltak, som gjer at innbyggjarar i alle aldrar kjem seg ut og i aktivitet. Vedtaket kom etter at Surnadal IL Langrenn anklaga Surnadal kommune for avtalebrot.

Publisert Sist oppdatert

1. desember i fjor vedtok formannskapet i Surnadal gje totalt 140 000 kroner i tilskot til løypekøyring i kommunen i 2021 – same beløp som i 2020.

Av desse midlane skulle 115 000 kroner gå til Surnadal IL, 20 000 kroner til IL Søya og 5 000 til Todalen IL. Opprinneleg søkte Surnadal IL Langrenn om å få auka støtta si, til 190 000.

Langrennsgruppa i Surnadal IL, ved leiar Frode Hågen Raaen, klaga på vedtaket. I klagen peika Råen på at ein fast årleg sum vil vere ein reduksjon frå dei 127 000 kronene langrennsgruppa har fått tidlegare.

– Desse pengane blir brukt til å heve støtta for nokre av dei andre laga i kommunen. Vi er sjølvsagt glade for at dei andre får auka støtta si, men ikkje måten det blir finansiert på, ved at vår støtte blir redusert tilsvarande, skriv Råen i klagebrevet.

Han peika på at kommunen og Surnadal IL inngjekk avtale om driftsstøtte i 2007, og på det han meiner er feil og manglande opplysningar i saksframlegget. Raaen viser til at det i avtalen er fastsett kor stor støtta skal vere, og at den skal justerast i tråd med konsumprisindeksen kvart femte år.

– I saksframlegget blir det ikkje orientert om gjeldande avtale mellom Surnadal IL og Surnadal kommune, berre at den skal justerast etter konsumprisindeksen kvart år, noko som er feil. Vi viser forståing for at kommunen er i ein utfordrande økonomisk situasjon for tida, og ser at det kan vere vanskeleg å få auka støtte i denne omgang. Men å redusere støtta vil vere eit brot på inngått avtale, noko som vi ikkje aksepterer, skriv Raaen i klagen.

Glade for Svinvik-forslag

Saka har engasjert surnadalingane den siste tida, og det var difor knytt stor spenning til om formannskapet kom til å følgje kommunedirektøren si innstilling, som var å halde fast ved vedtaket frå 1. desember.

Ordførar Margrethe Svinvik (Sp) starta diskusjonen med å fremje eit forslag, som skulle vise seg å verte utslagsgjevande både for den vidare diskusjonen og det endelege resultatet.

Forslaget, som seinare vart samrøystes vedteke, hadde denne ordlyden:

«Drift av uteanlegg for allmennyttige folkehelse-tiltak som gjer at innbyggjarar i alle aldrar kjem seg ut og i aktivitet, er spesielt viktig dette året med ein pågåande pandemi. Nærmiljøanlegg for ski, skøyter, sykkel, osv., er positivt for bulyst, folkehelse og næringsliv. Formannskapet vil i 2021 bruke kr. 65.000 av næringsfondet til slike tiltak og ber administrasjonen komme med forslag på fordeling. Minst kr. 15.000 skal brukast til å innfri klagen frå Surnadal IL. Formannskapet ber om at slike tilskotsordningar blir skilt frå driftsbudsjettet i kultureininga og blir ført i eige rekneskap».

Svinvik meinte at ein med forslaget kan legge til rette for gode uteanlegg og god dialog med frivilligheita også framover, og resten av formannskapet slutta seg raskt til det.

– Dette er ei kjempeforslag. Det siste året har vi måtta bruke nærområdet vårt fullt ut. Eg skjønnar protestane frå Surnadal IL, og dette er ei slik sak der vi som formannskapsrepresentantar blir oppringt på førehand av folk som vil diskutere. Når det er snakk om eit såpass lite beløp, tykkjer eg vi skal gjere det vi kan for at dette blir best mogleg, sa Rakel Polden (Ap).

Oppfordrar til reforhandling

Ho fekk støtte frå partikollega Jorid J. Aarvåg:

– Det er eit veldig godt forslag. Saka engasjerer mange, og med denne løysinga gagnar vi endå fleire enn dei som har levert klagen. Dette er positivt for folkehelse, inkludering og integrering, for alle aldrar, sa Ap-representanten, før ho la til:

– Saksgangen vart litt rotete, og dersom det er slik at vi meiner vi ikkje har råd til å yte dei tilskota vi har avtalt, må vi reforhandle avtalane. Vi kan ikkje bruke næringsfondspengar ut og bort, men eg er glad for at vi klarar å løyse dette.

Også varaordførar Hugo Pedersen (Sp) og Ole Joar Bruset (H) var glade for forslaget til Svinvik.

– Her har ein eit gratistilbod, som alle kan nytte seg av. På den andre sida har vi korona, der vi har delt ut til dels store beløp i støtte til bedrifter som har mista inntektene sine. Då passar det litt dårleg at vi reduserer støtta til drift av Nordmarka med 15 000 kroner, for det er som ei lita bedrift det og – og dei har og mista inntekter, sa Bruset.

Han la seinare til at han er bekymra for at avtalar med innlagte oppjusteringar vil føre til ein kostnadsspiral ein ikkje heilt veit kvar endar.

Eli Vullum Kvande frå MDG var og glad for forslaget, og støtta samtidig Jorid J. Aarvåg i at ein må sjå på avtalen på nytt.

– Det rette for formannskapet å gjere no, er å halde seg til den gjeldande avtalen, seier Kvande, som og trakk fram arbeidet som vert gjort med skøytebanar i kommunen generelt, og Midtigrenda spesielt.

– Eg vil rose innsatsen som vert gjort i Midtigrenda med skøytebane no. Ein ser at det blir ein møteplass mellom generasjonar, med mykje aktivitet frå morgon til kveld. Eg trur at vi med forslaget til Margrethe og vil treffe slike aktivitetar, og det er kjempebra, sa Kvande.

Kommunedirektøren: – Ei god løysing

Kommunedirektør Knut Haugen innrømte at ein, med tanke på avtalen, nok kunne reforhandla avtalen før ein foreslo ein sum i ei politisk behandling.

– Det er nok bakgrunnen for reaksjonen, sidan dei betraktar dette som eit avtalebrot, og det kan ein ha ei viss forståing for, sa kommunedirektøren, før han forklarte:

– Litt av problemstillinga er at desse tilskota går frå kultureininga si ramme, som skal brukast til kulturdrift. Det blitt å gje med eine handa og ta med den andre når kommunestyret først gjev eininga ei ramme, for så å stikke eit sugerør ned i den etterpå. Då blir det vanskeleg å vere einingsleiar, seier Haugen, og fortsett:

– Eg trur vi må sette av ein fast sum i budsjettet kvart år, som skal brukast til tilskot. Då slepp einingsleiaren å oppleve å bli pengelaus på grunn av politiske vedtak, som går utover ramma deira. Så eg forstår både saksbehandlar og klagar her.

Haugen understreka at han på ingen måte såg det som noko nederlag at innstillinga vart nedstemt.

– Dette blir ei god løysing, konkluderte kommunedirektøren.

Tilskota til løypekøyring går frå den økonomiske ramma til kultureininga, der Lilli Husby er einingsleiar.

– Eg er veldig glad for det de kjem fram til, og er samd i alt som er sagt, sa Husby, og takka formannskapet for eit godt forslag og vedtak.

Powered by Labrador CMS