Godt avlsarbeid: Gjennom godt avlsarbeid har Hugo og Jorunn fått ein okse i Geno sin oksekatalog

– Stas å ha ein okse i katalogen

I april 2021 vart ein kalv henta av Geno på Alvstua. Geno er et samvirkeselskap eid av norske storfebønder. Dei driv med utvikling, produksjon og salg av oksesæd, embryo og andre avls- og fruktbarhetsprodukt for storfeholdet i Norge og utlandet.

Publisert

Når gardbrukarar ringer til inseminøren er det ofte ei grundig avlsplan som ligg bak bestillinga. Målet er å få friske, fine kalvar med godt lynne.

Før kunne det ta opptil fem år før ein visste kva slags eigenskapar ein okse hadde, og om han var godt egna for avl. No tek det berre månader.

Godt avlsarbeid

Hugo Pedersen og Jounn Fiske Pedersen fortel at dei sender inn vevsprøvar til Geno av alle kvigene som kjem til på garden. Nokre gonger får dei forespørsmål om å sende vevsprøve av oksekalvar også. Gjennom vevsprøvane finn Geno ut kva slags eigenskapar dyra har.

Saman med rådgjevarar lagar gardbrukarane ei avlsplan. I plana brukar dei informasjonen dei får frå Geno om eigne kyr, og om oksane Geno har i oksekatalogen sin. Ein matcher rett og slett kyr og oksar, slik at ein får best mogleg avkom.

Det webbaserte verktøyet viser blant anna slektskap, lynne, og mjølk- og jureigenskapar.

– Arbeidet med fjøset blir meir interessant når ein har avlsarbeidet i bakhovudet, seier Jorunn.

Super-okse

Okskalven som vart henta på Alvstua hadde Hugo og Jorunn sendt inn ein vevsprøve av da han vart født. Geno fann ut gjennom vevsprøven at oksen hadde høg avlsverdi og var difor interessert i å sjå om han kunne brukast i avl.

– Vi la merke til at det var ein frisk og sunn kalv, så vi tykte det var eit godt emne vi sendte frå oss, seier Hugo.

Oksen vart frakta til Hallsteingarden i Stjetnemarka. Der vart han testa, fora og stelt med. Han vart sendt vidare til oksestasjonen på Store Ree i Gudbrandsdalen, der testinga fortsette.

Oksekatalog: Hugo og Jorunn tykkjer det er stas at oksen deira har komme i Genos oksekatalog

I haust kom den gode nyheita til Hugo og Jorunn, oksen deira hadde komme gjennom nålauget og vorte avlsokse for Geno.

– Geno ringte og sa at no måtte vi kjøpe oss blomster og blautkake, smiler Hugo.

I Gudbrandsdalen blir oksen tappa for sæd, og sæden blir sendt til inseminørar og veterinærar rundt om i landet.

Web-verktøyet til Geno gir gardbrukaren fire forskjellige oksealternativ, så er det opp til gardbrukaren i samarbeid med ein rådgjevar å finne ut kva for okse ein skal velje til kvar enkelt ku.

I tillegg til informasjon på nett sender Geno ut ein katalog med dei forskjellige oksane, og i denne katalogen kan du no sjå oksen frå Alvstua.

Avlsoksen med namnet Alvstua

Godt avlsarbeid i dalføret

Hugo og Jorunn kan fortelje at Geno eksporterer produkta sine til andre land, og er i verdstoppen på forsking på avlsarbeid.

Dei produserer også ferdige embryo. Dersom ein gardbrukar har ei ku han er veldig fornøgd med som ikkje har høg avlsverdi, kan han kjøpe eit embryo som kua blir inseminert med. Slik beheld han kua, men får likevel eit sunt avkom.

Lene Merete Kirkholt Moen er avlsrådgjevar i TINE Rådgiving. Ho fortel at Hugo og Jorunn er veldig interessert i avlsarbeid, og at dei ønsker å lage gode haldbare dyr.

– Oksen Alvstua er eit godt eksempel på godt avlsarbeid, eg håpar han blir far til mange gode individ rundt om i Norges land, seier Lene.

Ho fortel at det er mange oksar i dalføret som har vore i oksekatalogen.

– Dei siste åra har det vore tre eliteoksar fra Surnadal, "Bevre" som kjem frå Leif Roar Bævre, "Bevrevoll" frå John Bævrevoll. "Heggset" frå Pål Heggset på Glærum og no "Alvstua" frå Hugo og Jorunn, fortel Lene.

– Frå Rindal har det vore oksen "Trollheim" frå Frode Svinsås og Trollheimsfjøset, "Stokke" frå Ola Stokke og "Lommundal" frå Inge Christensen og Kristin Ingdal i Lommundalen.

Lene tykkjer det er veldig bra at dalføret vårt har, og har hatt, så mange oksar i katalogen.

For meir informasjon om oksen og Geno sitt arbeid, trykk på denne linken: Oksen fra Alvstua

Powered by Labrador CMS