Raudrussane Anna Vattøy Solli og Mathilde Sofie Blokhus Vikan kom og gjorde stas på Betab (rekke nummer to f.v.), Mathias, Ahmed, Liam, Julia, Henrik, Jo Kristian (framme f.v.) Peder, Alida og Leah.

Stor stas med rosarussedåp

Dei eldste barnehageungane i Midtgrenda barnehage i Surnadal fekk besøk av sjølvaste russen, då det tysdag skulle markerast at dei no snart er ferdige i barnehagen og klare for skulegang.

Både barnehageungane og russen skinte om kapp med sola under den såkalla rosarussedåpen i Midtigrenda barnehage tysdag.

Det årlege arrangementet vert planlagt og finansiert av foreldra sitt arbeidsutval (FAU) og barnehagen sjølv, og seansen markerer at barnehagetida nærmar seg slutten.

Dei 11 ungane ved avdelinga "Humlene" tykte tydeleg det var stor stas med storfint besøk frå Surnadalsrussen, nærare bestemt raudrussane Mathilde Sofie Blokhus Vikan og Anna Vattøy Solli, som stod for sjølve dåpen.

Der fekk ungane først velje om dei "døypast" med ein aldri så liten vass-sprut frå ei Imsdal-spruteflaske, før det vart utdeling av rosa russekort og russeluer.

Etter at ein og ein hadde vore gjennom dåpen, vart det delt ut litt ekstra energi, i form av smoothie og energibar, sponsa av Kiwi. Dette med tanke på at den aktuelle barneårgangen berre halvannen time seinare var invitert til si aller første organiserte fotballtrening i regi av Surnadal IL.

For andre året på rad førte koronapandemien til enkelte avgrensingar i opplegget, som av smittevernomsyn vart gjennomført i ballbingen utanfor barnehagen. Men der det i fjor var rosarussedåp i snøfokk og kald vind, var det strålande sol denne gongen.

Dermed vart det ei fin markering, prega av god stemning både blant russ, rosaruss og dei frammøtte foreldra.

Gjengen på rad ein og to nærmar seg slutten på barnehagetida, medan raudrussane bakerst nærmar seg slutten vidaregåande og ti års skulegang.
Tove Kristin Holten frå Midtigrenda barnehage delte ut rosaruss-diplomar FAU hadde fått trykt opp.
Liam godt fornøgd med ny russelue.
Julia var først ut av "Humlene", som fekk russekort, russelue og diplom.
Jo Kristian blir "døpt", og får det som var ein valfri vass-sprut i håret frå Mathilde Sofie Blokhus Vikan.
Mathias får russelua si frå Anna Vattøy Solli.
Powered by Labrador CMS