LESERINNLEGG:

Et skolebygg.
Mo oppvekstsenter.

Utan levande bygder – ei mindre livskraftig kommune

Publisert Sist oppdatert

Dette innlegget er sendt inn til Trollheimsporten med ønske om at flere skal få innsikt i debatten omkring endring av skolestruktur i Surnadal kommune. Høringsfristen er 15. september.

Høyringssvar

Dette høyringssvaret gjeld «Skule for framtida – grep for kvalitet og økonomisk berekraft» (høyringsdokument datert 06.06.25), og er vårt innspel til dei føreslåtte endringane i skulestrukturen i Surnadal kommune.

Utan levande bygder – ei mindre livskraftig kommune

Som innbyggjarar i Surnadal deler vi eit felles mål om å utvikle og bevare ein livskraftig kommune. Eit slikt samfunn må vere ein stad ein ynskjer å flytte heim til – med trygge skular, eit verdig tilbod til eldre og rammevilkår som fremjar næringsliv, fellesskap og tilhøyrsle. 

Tenk om vi kan vere kommunen som vågar å satsa ekstra på barna – og får eit omdøme som ein stad med gode skular, sterke resultat og høg trivsel. Kor forlokkande ville ikkje det vere for barnefamiliar som vurderer å flytte hit og byggje framtida saman med oss?

Når ressursane er knappe, må vi prioritere det som tel mest – barna sitt beste. Skulane våre er meir enn undervisningsarenaer; dei er hjørnesteinar i lokalsamfunnet, møteplassar og nøkkelen til å behalde og tiltrekkje barnefamiliar. Ein familie på fire gjev i snitt rundt 150 000 kroner i årlege skatteinntekter¹, i tillegg til rammetilskotet². Rammetilskotet frå staten utgjer for ein slik familie over ein halv million kroner i året. Når barnefamiliar flyttar, mistar vi altså både direkte skatteinntekter og eit betydeleg statleg tilskot – midlar som kunne ha finansiert skule, barnehage og andre velferdstenester. Når barnefamiliar flyttar, mistar vi ikkje berre inntektene, men òg frivillige hender, dugnadsånd og livskraft.

Surnadal ventar no dei høgaste fødselstala på fleire tiår. Det gjev framtidstru – men berre dersom vi kan tilby gode nærmiljø og trygge skular. Telemarksforskning (2019) viser at oppvekstvilkår er ein av dei sterkaste faktorane bak befolkningsvekst i distriktskommunar⁷.

Levande bygder gjev òg grunnlag for å satsa på landbruk, som står sterkt i grendene våre og bidreg tilarbeidsplassar, verdiskaping og kulturlandskap. Men bøndene kan ikkje vere dei einaste som blir att – elles vil òg landbruket svekkjast over tid. Det er krevjande å drive gard utan eit levande nærmiljø, barnehage eller skule, og det blir meir krevjande å få med seg ein partnar eller etablere familie når andre tilbod i bygda vert lagde ned.

Difor må vi vere varsame med å svekkje dei institusjonane som held bygdene levande – og skulen er ein av dei aller viktigaste.

Skulesamanslåing kan true både læring og lokalsamfunn

Debatten om skulestruktur handlar om meir enn minutt på bussen. For barna handlar det om tryggleik, helse og trivsel. Storskulen på Øye har allereie kapasitetsproblem – bygget er ikkje dimensjonert for dagens elevtal, og både elevar og lærarar har meldt om for trongt areal. Fleire fryktar kva ei ytterlegare auke vil bety. Forsking viser at utrygge skulemiljø aukar risikoen for skulevegring³.

Lengre reiseveg gjev meir køyring og tapt arbeidstid

Når nærskulen vert lagd ned, betyr det ikkje berre ein lengre skuledag for barna, men òg meir køyring for foreldra. Mange må hente og bringe til skule, SFO og fritidsaktivitetar – særleg når bussrutene ikkje passar eller barna er for små til å reise åleine. Dette gjev tap av arbeidstid og inntekt for familiane, og i sum òg for lokalt næringsliv og kommunen. Tid som kunne vore brukt til jobb, frivillig arbeid eller fellesskap, forsvinn bak rattet. Over tid vil dette svekkje både arbeidsdeltakinga og attraktiviteten ved å busetje seg i bygdene.

Skulevegring – ei alvorleg utfordring

Skulevegring er ikkje «barn som ikkje gidd å stå opp». Det er ei alvorleg tilstand som kan gje livslange utfordringar for barnet og store kostnader for samfunnet. Norske berekningar viser at når barn fell ut av skuleløpet, kan prislappen vere opp mot ein million kroner³.

Forsking peikar på fleire risikofaktorar for skulevegring: lange og utrygge skulevegar, høgt stressnivå i skuledagen, dårleg klassemiljø, mobbing, manglande vaksenoppfølging og fråvær av tett samarbeid mellom heim og skule. Når skulestrukturen vert endra og barn får lengre reiseveg eller vert plasserte i overfylte klasser, aukar risikoen for at desse faktorane slår inn. Dette understrekar kor avgjerande det er å sikre korte og trygge skulevegar, nok vaksne og inkluderande læringsmiljø.

Areal og læringsmiljø

Når barna våre går på skular med for lite plass, rammar det både trivsel og læring. Forsking viser at trongt areal og støy gjev uro, stress og dårlegare konsentrasjon⁵, medan små uteområde fører til fleire konfliktar og sosial ekskludering⁶. Nok plass er ein grunnleggjande føresetnad for eit trygt og inkluderande læringsmiljø.

Små skular gjev nærleik og tilpassing

Forsking viser at små skular ofte har større moglegheit til å tilpasse undervisninga etter elevane sine individuelle behov. Lærarane kjenner elevane betre og kan raskt oppdage og følgje opp utfordringar knytt til læring eller trivsel. Dette nære forholdet mellom elev, lærar og heim bidreg til å førebyggje utanforskap og gjev ein tryggleik som er avgjerande for utvikling og læringsglede⁴.

Levande lokalsamfunn gjev framtid

Øvre Surnadal er meir enn tal i eit budsjett. Her er det idrettslag, pubkveldar, fotballtreningar, bygdekafé og kulturarrangement – driven av frivilligheit, og til glede òg for folk frå nabobygder og - kommunar. Slike lokalsamfunn er avgjerande for å tiltrekkje og behalde innbyggjarar⁸. Erfaringar frå andre stader viser at når små bygdeskular vert lagde ned, mistar bygda møteplassar og identitet, og den sosiale integrasjonen svekkjast⁴.

Også i større byar som Oslo og Bergen har politi og skuleleiarar åtvara mot at nedlegging av nærskular svekkjer skulen si rolle som førebyggjande arena, særleg med tanke på kriminalitet, mobbing, sosial ekskludering og utryggleik i nærmiljøa⁹.

Moglege innsparingar – utan å leggje ned bygdeskular

Vi forstår at det er krevjande å finne nødvendige innsparingar i kommunebudsjettet, og vi ser at kommunen i høyringsdokumentet allereie har vurdert fleire tiltak utanfor skulestrukturen. Likevel gjev dokumentet lite informasjon om kor stor den samla nettoeffekten av desse tiltaka blir når ein tek med både gevinstar og eventuelle merkostnader.

Før ein gjer strukturelle grep som er irreversible og kan svekkje heile lokalsamfunnet, bør det gjerast ei grundigare og meir heilskapleg vurdering av kommunen si totale drift og kostnadsbilete. Ei tydeleg oversikt over samla nettoeffekt vil gje politikarane eit betre grunnlag for å vurdere om ei endring i skulestrukturen faktisk er verd dei langsiktige konsekvensane.

Skulestrukturendringar kan gje noko innsparing på kort sikt, men i det store kommunebudsjettet utgjer dei eit beskjedent beløp samanlikna med dei permanente konsekvensane for bygda. Ei meir heilskapleg vurdering vil sikre at avgjerdene gjev størst mogleg effekt – utan å svekkje oppvekstmiljøa som heile kommunen skal byggje framtida på.

Avslutning

Som innflyttar vart eg tidleg slått av kor levande bygdene i Surnadal er. Då eg var student på veterinærpraksis her, la eg merke til dei opne butikkane, dei blide kjøpmennene, alle fjøsa og arrangementa – eit lokalsamfunn fullt av liv og engasjement. Dette gjorde at Surnadal kom høgt opp på prioriteringslista då eg skulle finne jobb etter endt utdanning.

Dei bratte fjella for skikøyring, fjellviddene for vandring, dei breie fjordane for fiske og båtliv, det innhaldsrike sentrumet og dei pulserande bygdene rundt – alt dette gjorde sterkt inntrykk. Vi ber difor om at kommunen først vurderer heilskaplege løysingar og brukar nærskulen som ein del av strategien for å behalde barnefamiliar og sikre ei livskraftig framtid.

Tør vi – og klarar vi – å ta vare på denne verdien vidare?

Det er nettopp denne kombinasjonen – erfaringane til oss som kjem utanfrå og stoltheita til dei som har vakse opp her – som gjer oss så overtydde:

Utan levande bygder – ei mindre livskraftig kommune

Med venleg helsing,

småbarnsforeldre – og, enn så lenge, stolte innbyggjarar i Surnadal kommune

Solmund Sæter Solstad og Silje Mogstad Finstad

Referanser:

1. Statistisk sentralbyrå [SSB]. (2022). Befolkning og skatteinntekter.

2. Kommunal- og distriktsdepartementet [KDD]. (2022). Grønt hefte 2022 – Fordeling av rammetilskot til kommunar og

fylkeskommunar.

3. Utdanningsdirektoratet. (2020). Skulefråvær og skulevegring – Kunnskapsoversikt. Basert på Falch, T., Johannesen, A. B. & Strøm,

B. (2009). Cost of dropping out of high school in Norway.

4. Bæck, U.-D. K., Paulgaard, G. & Johansen, V. (2016). Barns oppvekstmiljø i distrikta. Nordlandsforskning.

5. Shield, B. & Dockrell, J. (2003). The effects of noise on children at school: A review. Building Acoustics, 10(2), 97–116.

6. Helsedirektoratet. (2017). Fysisk aktivitet og uteområde i skulen – Anbefalingar.

7. Telemarksforskning. (2019). Flytteønskjer og distriktsattraktivitet.

8. Distriktssenteret. (2021). Levande lokalsamfunn og busetjing.

9. Oslo politidistrikt (2021). Høyringssvar om nærskulestruktur.

Bergens Tidende (2023). Skuleleiarar åtvarar mot nedlegging av nærskular.

Powered by Labrador CMS