Møre og Romsdal Bondelag:
Møre og Romsdal og Vestland har ramla av lasset
Det syner ein fersk rapport frå NIBIO. Rapporten har vurdert lønsemda i dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane i dei to fylka, og samanlikne resultatet opp mot andre områder i Sør-Noreg, skriv Møre og Romsdal Bondelag i ei pressemelding.
– Våre områder har ikkje hatt den same økonomiske veksten som andre, hjå oss er lønnsemda svakare. Dette er alvorleg.
Det fortel Jan Erik Fløtre og Olav Håkon Ulfsnes, som leiar høvesvis Vestland Bondelag og Møre og Romsdal Bondelag.
– Vi ser mellom anna at mjølkebøndene på Vestlandet har tent 10 prosent mindre enn landsgjennomsnittet dei siste 10 åra, seier dei to leiarane.
Sau og ammeku
– Når det gjeld sauehald er det tydelege stordriftsfordelar. Fleire sauer gir færre arbeidstimar per sau. Dei same stordriftsfordelane ser vi i ammekuproduksjon, fortel Fløtre og Ulfsnes .
På Vestlandet er det mange mindre bruk med små teigar, og bratt areal. Fylkesleiarane er uroa over den økonomiske utviklinga, og etterlyser meir målretta tiltak mot Vestlandet.
– Vi treng kraftigare geografiske verkemiddel. Det er avgjerande for å styrke økonomien til Vestlandsbonden, stadfestar dei to.
– Dette kan vi ikkje stå å sjå på
Fløtre og Ulfsnes er glade for at rapporten bidreg med eit kunnskapsgrunnlag, slik at ein i større grad skjønar kvifor områda sakar akter ut på økonomi. Dei er bekymra for at fleire areal går ut av drift, og at det svekka både beredskapen og sysselsettinga i bygdene.
– Matproduksjon over heile landet gjer oss mindre sårbare. Skulle ei krise inntreffe ein region, er det avgjerande å ha fleire regionar å spele på. For kvar einaste gard som blir lagt ned, blir beredskapen mindre robust. Dette kan vi ikkje stå å sjå på. Vi treng meir treffsikre verkemiddel, og det hastar, avsluttar Fløtre og Ulfsnes.