Illustrasjonsfoto.

Lanserer handlingsplan for villaks

Regjeringa vil styrke innsatsen for å ta vare på dei ville laksebestandane i Noreg. No lanserer regjeringa ein handlingsplan med tiltak mot dei viktigaste truslane.

Dette melder klima- og miljødepartementet i ei pressemelding fredag.

– Handlingsplanen inneheld tiltak mot mellom anna lakselus, rømd oppdrettsfisk, Gyro, vasskraftregulering, forsuring, overutnytting og framande fiskeartar slik som pukkellaks, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Det har vore ein sterk nedgang i bestandane av atlantisk laks, også i Noreg, sidan slutten av 1970-åra. Samanlikna med midten av 1980-åra er mengda laks som vender tilbake frå havet kvart år, halvert.

– Villaksen kan no bli raudlista i Noreg for første gong. Det er heilt klart at det trengst konkrete tiltak for å snu denne utviklinga, seier Sveinung Rotevatn.

Dei norske bestandane av viltlevande atlantisk laks representerer ein tredjedel av alle attverande bestandar av arten. Norske vassdrag og hav- og kystområde utgjer nokre av dei aller viktigaste leveområda for villaksen i verda. Noreg har derfor eit særleg ansvar for å ta vare på desse laksebestandane, noko vi også har forplikta oss til gjennom nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar.

Som eit ledd i bevaringa av atlantisk laks i Noreg blei kvalitetsnorma for villaks vedteken i 2013. Føremålet med kvalitetsnorma er å sikre mangfald og haustbart overskot i villaksbestandane. Heile 80 prosent av villaksbestandane i Noreg når ikkje målet i norma om minimum god kvalitet. Rømd oppdrettslaks og lakselus er rekna som dei to største truslane.

– Lakselus utgjer ein stor risiko for villaksen. Regjeringa vil mellom anna greie ut krav om nullutslepp av lakselus frå oppdrettsanlegg frå og med 2030, seier Rotevatn.

Planen inneheld også tiltak mot ei rekke andre påverknadsfaktorar. Utfisking av rømd oppdrettslaks skal aukast. Det skal greiast ut nye metodar for å spore og merkje oppdrettslaks og hindre at rømd oppdrettslaks gyter. Arbeidet med å eliminere parasitten Gyrodactylus salaris og revisjon av eldre vassdragsreguleringskonsesjonar vil halde fram.

Framande fiskeartar utgjer ein risiko for både biologisk mangfald, produktiviteten til lokal laksefisk og akvakultur.

Invasjonen av pukkelaks i 2021 er den største vi har hatt i Noreg nokon sinne. Erfaringar frå Troms og Finnmark har vist at målretta fangstuttak kan redusere gytefiskbestanden av pukkellaks.

– Vi vil opprette ei nasjonal kompetansegruppe for pukkellaks for å koordinere arbeidet med utfisking på regionsnivå. Vidare vil innkjøp og montering av flyteristfeller i femten prioritere vassdrag i Aust-Finnmark vere eit viktig innsatsområde i 2022, seier Rotevatn.

Du kan lese handlingsplanen her.

Powered by Labrador CMS