ANNONSE, LEDIG STILLING:
Produksjonsarbeidar og lærling
Kvanne Industrier AS (KIAS) er ein leiande produsent av norskproduserte dører i glasfiber og aluminium, spesielt eigna til bruk i næringsbygg der det er høge krav til fuktbestandigheit, hygiene, lang levetid og lågt miljøfotavtrykk. Frå fabrikken vår i Surnadal leverer vi til kundar over heile landet, og vi ser auka etterspørsel etter produkta våre, også i resten av Skandinavia. KIAS samarbeider tett med dei andre selskapa i den leiande norske dørgrupperinga Opn Group.
Vi veks og utvidar produktspekteret vårt og treng derfor å auke kapasiteten med
Produksjonsarbeidar
Arbeidsoppgåver:
- Utføre dei automatiserte og manuelle produksjonsprosessane for produksjon av dører, karmar og andre liknande produkt: Kapping, CNC-fresing, skumming/pressing, liming, montering, pakking.
- Ha fokus på HMS, kvalitet og kundekrav.
- Bidra i det kontinuerlege forbetringsarbeidet på fabrikken.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
· Relevante fagbrev, f.eks. produksjonsteknikk eller automatikar, og/eller relevant erfaring frå produksjonsbedrift.
· Service- og løysingsorientert.
· Sjølvstendig, påliteleg og lærevillig
· Fleksibel og samarbeidsvillig.
Vi tilbyr:
· Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaar.
- Utfordrande arbeidsoppgåver du kan utvikle deg med.
- Dagtidsarbeid med innarbeiding av ekstra ferieveke.
Lærling produksjonsteknikk
KIAS er godkjent lærebedrift og søker lærling i Produksjonsteknikkfaget frå august/september 2026. Som lærling hos oss vil du få opplæring i samsvar med fastlagt læreplan. Læretida er to år og blir avslutta med fagprøve. Vi kan tilby ei spennande læretid, der du får god innføring i varierte produksjonsprosessar og det å jobbe i ei produksjonsbedrift. Du vil bli ein del av eit lite og samansveisa lag, og vil lære mykje om samarbeid, fokus på kundekrav, HMS, kvalitet og forbetringsarbeid, samt viktigheita av gode haldningar til kollegaar og arbeidsplassen.
Krav til søkarar:
· Det kreves bestått VG1 Teknikk og industriell produksjon og VG2 Industriteknologi.
- Motivasjon og interesse for faget og arbeidsoppgåvene.
- Påliteleg og lærevillig.
- Fleksibel og samarbeidsvillig.
Søknadsfrist for begge stillingane er 6. april 2026.
For spørsmål om stillingane eller KIAS, kontakt dagleg leiar Trond Skogseth, på 911 78910, ev. trond@kvanne.no
Kvanne Industrier AS
Industrivegen 53
6652 Surnadal