Surnadal kommune melder:

Covid-19 - Illustrasjonsfoto

Fire av fem einingar reopna tysdag

Kommuneoverlege Bjørn Buan med statusrapport om koronasituasjonen i Surnadal per måndag 21. september.

Publisert Sist oppdatert

Det har i dag (måndag, red. anm.) vore eit beredskapsmøte i oppvekst. Overordna gjeld at vi er ekstra nøye med at barn med nyoppståtte symptom ikkje skal i barnehagane eller skulane.

I samarbeid med smittesporingsteamet har ein komme fram til følgjande status for barnehagar og skular:

  • Ved Midtigrenda barnehage er alle avdelingar opne frå tysdag 22.09.20.
  • Ved Øye barnehage er alle avdelingar opne frå tysdag 22.09.20
  • Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter er open på alle trinn frå tysdag 22.09.20.
  • Mo barnehage, inkludert søsken i skulen, er framleis stengt til og med onsdag 23.09.20. Ny vurdering blir gjort onsdag 23.09.20 på bakgrunn av testsvar.
  • Øye skule open på alle trinn frå tysdag 22.09.20.

Føresette blir i tillegg informert i respektive kanalar.

Med vennleg helsing

Bjørn Buan
Kommuneoverlege

Powered by Labrador CMS