SURNADAL KOMMUNE MELDER:

Startar med sjølvbetent tilgang til hurtigtestar frå og med i dag

Ny sjølvbetent hentestad for hurtigtestar til innbyggarane i Surnadal kommune

Frå og med i dag, kan du hente deg hurtigtest i gangen på Familiens Hus (same inngang som Helsestasjonen ved kommunehuset) mellom kl. 09.00 - 16.00.

Innafor døra står det ei tralle som vi fyller opp kvar dag. For at vi ikkje skal gå tomme for hurtigtestar, er det viktig at du berre hentar det du treng. Kommunen får tilsendt hurtigtestar veke for veke.

Barn i barnehage og skuleelevar får utdelt hurtigtestar frå barnehagen eller skulen og treng ikkje hente her.

Vi ønskjer å unngå henting av hurtigtestar av publikum for deltaking på større arrangement. I slike anledningar ber vi om at du tek kontakt med kommunen for råd.

Smittevern ved sjølvbetening i Familiens Hus

Her er det mange som ferdast til dagleg. Bruk difor munnbind og sprit hendene godt ved henting av hurtigtest. Er du sjuk ber vi om at andre hentar for deg.

Denne informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS