Ekstra formannskapsmøte i Surnadal:

Barnehagane og barne- og ungdoms­trinnet på gult nivå i ei veke til

mÅNDAG hadde formannskapet i Surnadal eit møte for å vurdere å forlenge kommuneoverlegen sitt hastevedtak om smittevernsnivå i skular og barnehagar. Formannskapet kom fram til at vedtaket blir forlenga, men berre i ei veke. Neste måndag tek dei saka opp på nytt.

Publisert

Måndag 17. januar, for ei veke sidan, gjorde kommuneoverlege Bjørn Buan hastevedtak om oppskalering til gult nivå i barnehagene og i barne- og ungdomstrinnet ved skulane i Surnadal kommune. Ved Surnadal videregående skole vart smittevernet halde på grønt nivå i vedtaket.

Vedtaket kom som direkte følge av endringar med forenklingar i Covid-19 forskrifta og nasjonale anbefalingar på det tidspunktet. Vedtaket vart gjort for å oppretthalde tilfredsstillande kontroll over smittetrykket i kommunen, og for å begrense dei negative konsekvensane ved ukontrollert smitte, skreiv kommuneoverlegen i si grunngjeving 17. januar. Heile vedtaket kan ein lese på Surnadal kommune si heimeside.

For å kunne forlenge eit slik vedtak etter ei veke, må det gjerast vedtak i formannskapet. Formannskapet i Surnadal hadde derfor møte måndag ettermiddag 24. januar, med denne eine saka på saklista.

Ventar smittetopp kort tid før vinterferien

Kommuneoverlegen anbefalte å vidareføre vedtaket som no, fram til 10. februar. Han la til grunn at ein må vere forberedt på at smitten brer seg raskare i vekene framover, og at det kan vere for seint å sette i gang tiltak når ein ser at det blir mykje meir smitte. Det er ikkje like lett å ha oversikt over smitten no lenger, på grunn av at enda fleire er symptomfrie med omikron. Buan sa at ein kan anta at smittetoppen kjem rett før vinterferien, men dette kan ein sjølvsagt ikkje vere heilt sikker på. Kommuneoverlegen la og vekt på hensynet til sårbare personar i samfunnet, som har grunn til å vere redd for å bli smitta. Dette har vore tanken bak smittevernsarbeidet heile vegen, påpeikte han. Han understreka og at ein liten kommune som Surnadal er meir sårbar enn dei store kommunane, dersom det blir mykje smitte.

Mange ulemper

Medlemmane i formannskapet diskuterte fordelar og ulemper ved å halde på gult nivå i barnehagane og på barne- og ungdomstrinnet. Smittevernstiltak på gult nivå er ei ekstra belastning for både barn, foreldre og tilsette, som mange ønsker å kunne sleppe så fort som mogleg. Mange er lei av smittevernstiltak, og ein ventar at det snart blir endringar i dei nasjonale reglane, slik at helsevesenet ikkje i like stor grad kjem til å følge opp kvart enkelt tilfelle av covid-19, men at ansvaret for å begrense smitte i større grad blir lagt på kvar enkelt. Det ligg an til at ein kjem til å stole meir på hurtigtestar framover, og at ein ikkje tek PCR-testar av alle. Men det er likevel slik at kommunen framleis har ansvar for å følge opp alle som blir smitta, og det så fort som mogleg.

Det vart og lagt vekt på at dei tilsette innanfor oppvekst ønsker å halde seg stabilt på eitt smittevernsnivå, heller enn å risikere å måtte endre nivå frå veke til veke.

Vidareføring, men berre i ei veke

Formannskapet hadde stor lit til kommuneoverlegen si vurdering, men med tanke på at det skjer store endringar raskt når det gjeld smittervernreglar, så kom dei etter ein del diskusjon fram til at dei ikkje ønska å videreføre gult nivå i meir enn ei veke inntil vidare.

Formannskapet arbeidde seg derfor fram til ei ny innstilling, som alle slutta seg til:

1. Barnehagane, barne- og ungdomstrinnet ved skulane og vaksenopplæringa i Surnadal kommune skal følge gult nivå frå og med tysdag 25. januar 2022 kl 00.00 til måndag 31. januar 2022 kl 24.00.

2. Surnadal vidaregående skole skal vidareføre grønt nivå frå 25. januar 2022 kl 00.00 fram til måndag 31. januar 2022 kl 24.00.

Dette vart eit samrøystes vedtak.

Formannskapet held eit nytt møte måndag 31. januar, for å bestemme om desse tiltaka skal førast vidare.

Powered by Labrador CMS