Trollheimen Klatresenter utvidar:

Håvard Håskjold gleder seg til å utvide Trollheimen Klatresenter med en ny etasje i august.

Doblar arealet for å styrke tilbodet

To år etter opninga, er Håvard Håskjold og Hege Fiske i Trollheimen Klatresenter klare for ei ny satsing. No får nemleg klatreglade surnadalingar dobbelt så mykje plass å boltre seg på.

Publisert Sist oppdatert

25. juni kan ekteparet Håvard Håskjold og Hege Fiske feire at det er to år sidan dei opna dørene ved Trollheimen Klatresenter for aller første gong.

Sidan den gongen har interessa vore god, og klatresenteret investerer no om lag 200 000 kroner for å styrke tilbodet sitt på Skei. Reint konkret utvidar dei leiga til å inkludere etasjen over det noverande klatresenteret, det vil seie der Atleta har vore før. I tillegg er Grip Klatring i Trondheim hyra inn for å bygge nye klatreveggar.

– Vi får dobla areala våre, og får litt meir spennande veggar. Det gjev betre plass og nye utfordringar. Det vil verte meir fleksibelt, med tanke på ruter, seier Håvard Håskjold, som fortel at dei nye lokala etter planen skal vere klare til bruk i løpet av august.

Per i dag prøvar drivarane og nokre gode dugnadshjelparar å skru ei eller fleire nye ruter eit par gonger i månaden.

Håskjold fortel at bakgrunnen for utvidinga er at det merkast godt at det fort blir fullt i dei eksisterande lokala, sjølv om klatresenteret er ope heilt frå klokka 6 om morgonen til 23 om kvelden.

– Vi har ofte barnefamiliar innom, og er det to-tre foreldre og tre-fire ungar der, samtidig som det er folk som trenar, blir det fullt. No kjem vi til å ha meir fokus på ungar nede, og vaksne i overetasjen, seier han, og fortel at det på typiske treningskveldar fort er 15-20 personar innom.

– Då er det bra trøkk, så dette gjer at vi får fordelt folk litt meir.

I overetasjen vil klatrarane og få god utsikt, ettersom vindauga i dei nye lokala ikkje kjem til å bli kledd att.

– I tillegg vil vi kunne ha tauveggen open heile tida, og få litt betre fasilitetar, som tilgang til toalett og vatn, seier Håskjold.

Snart kan surnadalingane kose seg med klatring og fin utstikt i dette lokalet, som Håvard Håskjold og Trollheimen Klatresenter no skal leige.

Gode samarbeid

Trollheimen Klatresenter har, sidan opninga i 2019, fått etablert fleire gode samarbeid. Blant desse er samarbeid med Nordmøre Folkehøgskule, Surnadal vidaregåande skole og fleire barnehagar, som brukar klatretilbodet jamleg, spesielt på vinterstid.

Også Trollheimen Klivarlag og Surnadal NTN TaeKwon-Do Klubb er viktige samarbeidspartnarar for klatresenteret.

Håpet er at utvidinga kan føre til endå meir fast utleige til barnehage og liknande, samtidig som det er god plass til dei som ønskjer å trene.

Håskjold rosar og samarbeidet med ungdomskontakt Kristin Børset og aktivitetskontakt Linda Margareth Øye.

– Vi sett pris på å kunne tilby eit slikt tilbod, vi er glade for å kunne bidra litt, seier Håskjold, og innrømmer at han ser på det å vere med på å skape eit rikare lokalsamfunn som ein stor motivasjon:

– Ja, motivasjonen ligg meir der enn i økonomi. Vi gjer ikkje dette for å tene pengar. Det går rundt, men vi som driv det tener ikkje pengar på dette. Det som kjem inn går til å betre tilbodet, og det er og difor vi no vil utvide. Då tiltrekkjer vi oss kanskje endå meir folk, slik at vi kan styrke tilbodet endå meir.

Har starta Spleis

Den nye satsinga medfører kostnader, både i form av sjølve investeringa, samt dobla husleige.

– Det krev at vi har ein jamn straum brukarar, seier Håskjold, som og fortel at klatresenteret nyleg har skrudd opp prisane litt.

– Prisen vi hadde før det var veldig låg, og den er ikkje høg no etter justeringa heller, seier han.

Håskjold rettar ein stor takk til SpareBank 1 Nordmøre, som har gjeve tilskot til prosjektet, samt til dei 42 som har støtta Spleis-aksjonen Trollheimen Klatresenter har oppretta i samband med utvidinga. I skrivande stund har det gjennom aksjonen komme inn 15 100 kroner.

– Vi hadde null forventningar når det gjeld Spleisen, og eg skjønnar at det er artigare å gje til eit velgjerande føremål enn til eit aksjeselskap. Men folk har vore ivrige, og vil hjelpe oss, så vi set veldig stor pris på dei pengane vi har fått inn. Det krev sitt å drive dette, så det er kjekt at folk vil hjelpe til, seier Håskjold.

Spleis-aksjonen varar ut juli månad.

– Eg håpar folk har lyst til å støtte opp. Vi er ikkje her for å ta over for nokon, vi vil vere eit attåt-tilbod. Så dei som held på med fotball, alpint eller anna aktivitetar kan halde på med dette attåt, og få eit godt supplement, seier Håskjold, og legg til:

– I tillegg vil vi nå dei som ikkje er interessert i tradisjonelle idrettar, som ballidrettar. Vi ser at folk av alle typar og i alle aldrar kjem innom. Dette er-, og skal vere, eit lågterskeltilbod, der alle får til noko.

Håvard Håskjold og kona Hege Fiske har store planer for utvidinga av Trollheimen Klatresenter.
Slik ser hovudklatreveggane i dei eksisterande lokala til Trollheimen Klatresenter ut i dag.
Powered by Labrador CMS