Jon Inge Ringsby, med aner frå både Rindal og Surnadal, sender ei julehelsing frå New York.

Julehelsing frå New York

Publisert Sist oppdatert

– Jula i New York er fin med lys, pynting og mykje overdådig. Men sjølv om amerikanarane er glad i glitter og stas, så er dei heller ikkje redde for å vise kva jula verkeleg er og kvar den kjem frå.

Det seier Jon Inge Ringsby, som har mor frå Øvre Sæter i Surnadal og tante og onkel i Rindal. Underteikna var heldig og møtte Jon Inge som vertskap hos Sjømannskirka i New York. Ekteparet Ringsby starta i august i nye stillingar hos Kong Olav Vs kirke på Manhattan.

Jon Inge Ringsby og kona Lise-Beate Ringsby er begge ein del av Sjømannskirka i New York.

– Vi har hatt eit ønske om å reise ut igjen sidan vi forlèt Singapore i 2013. Vi har trivdes med gardslivet i Rakkestad, men da vi såg stillingsutlysinga i New York fekk vi hjartebank og byrja å tenkje på nye moglegheiter i Sjømannskirka.

Garden som Jon Inge nemner er barndomsheimen, og den er i trygge hender under opphaldet deira i New York. Til Sjømannskirka sitt blad Heim seier Jon Inge at dei er urbane bønder som sett pris på kontrastar i livet. Og i New York finst det kontrastar. Kanskje litt ekstra kring juletider.

– Kva tenkjer du om jula i New York?

– Jula i New York er fin med lys, pynting og mykje overdådig. Men sjølv om amerikanarane er glad i glitter og stas, så er dei heller ikkje redde for å vise kva jula verkeleg er og kvar den kjem frå.

– New York er ein by med mange moglegheiter. Alt er tilgjengeleg og alle kan være seg sjølv. Mange kjem hit for å prøve lykken og slå gjennom, men ikkje alle gjer det. Det er og ein by med mange single og mykje rikdom, men og det motsatte.

– Kva er funksjonen til Sjømannskirka?

– New York kan være vanskeleg om du treng å bli sett og derfor er Sjømannskirka viktig. Vi prøvar å nå ut til alle som er aleine, nordmenn på ferie eller som bur her. Sjømannskirka gir folk eit fellesskap og ein plass å ga til.

Bakels.

Sjømannskirka i New York er av organisasjonens lengstlevande, - etablert allereie i 1878. Kong Olav Vs kirke ligg sentralt til på Manhattan. Den er i eit anna lokale enn da, men kyrkja er fortsatt eit viktig samlingspunkt for nordmenn i utlandet. Sjølv om antalet norske sjømenn har minka og skipa ligg kort tid i hamn, er kyrkja fortsatt mykje bruka.

– Kven brukar Sjømannskirka?

– Om det er mindre sjømenn så er antalet nordmenn i området fortsatt høgt. Det er eldre sjømenn som vi enda følgjer opp. Men så har du og mykje studentar, nordmenn som er her på arbeid, nordmenn gift i området og turistar. Studentmiddagar er alltid populært og har godt oppmøte. Dei bidrar og gjerne med kultur- og musikkinnslag.

– Som norsk kyrkje i utlandet har vi konfirmasjonar, bryllaup og dåp. Men det er og andre arrangement som konsertar og middagar. Dei to største arrangementa er 17.mai-tog og julemesse. Under 17.mai-toget kjem det folk frå alle kantar og heile gata blir sperra av. Kring jula er det meir arrangement og julekvelden er ei stor feiring.

Nordmørsbunaden blir bruka, her på eit jubileum i Washington DC.

– Her kan du forresten legge inn ei oppfordring til dei strikkeglade i Surnadal og Rindal; vi får nemleg besøk av kofteglade norsk-amerikanare på julebasar kvar år. Der er kofter og anna strikkasaker det første som går på basar. Her er vi avhengige av frivillige til å gi. Vi er avhengige av frivillige til å gi og om nokon får strikkeiveren over seg er det berre å levere det i Rindal hos tante Valborg.

Powered by Labrador CMS