Kommunedirektør Knut Haugen (f.v.), ordførar Margrethe Svinvik og utvalsmedlem Eli Vullum Kvande under formannskapsmøtet torsdag.

Avslo Innveno-søknad – men inviterer til vidare dialog

Formannskapet i Surnadal avslo torsdag Innveno AS sin søknad om grunnfinansiering på 150 000 kroner. Politikarane roste jobben selskapet gjer, men vil sjå nærare på korleis ein løyser arbeidet med næringsutvikling framover.

Innveno AS i Surnadal driv med innovasjon og næringsutvikling, og har i fleire år søkt om- og fått innvilga, grunnfinansiering frå næringsfondet.

Surnadal kommune eig sjølv 19 prosent av selskapet, som i søknaden sin til næringsfondet altså søkte om ei grunnfinansiering på 150 000 kroner. Innveno peikar i søknaden på at tilskottet ville vere viktig for både selskapet og for deira arbeid med å legge til rette for næringsutvikling, mellom anna gjennom hjelp til lokale gründarar.

Kommunedirektør Knut Haugen og næringskonsulent Harald Bredesen innstilte på å avslå søknaden, med bakgrunn i at eit slik tilskott bør ha opphav i bestilling i konkrete utviklingsoppdrag.

Avviste "hevnmotiv"

Haugen opna saka i formannskapet, og forklarte politikarane meir om bakgrunnen for innstillinga:

– Det er eit spørsmål om kven som legg premissane. Vi har kanskje følt over nokre år, at oppdraga vert gjort, og at det har vorte venta at kommunen skal betale for dei, sjølv om vi ikkje har bedt om at desse oppdraga skulle gjennomførast.

– Det betyr ikkje at oppdraget er dårleg eller feil utført, det handlar meir om kven som bestemmer kva som skal gjerast.

Kommunedirektøren viste og til at kommunen har eit eige HoppID-kontor, der gründarar kan få hjelp.

– Igjen, kven legg premissane for kvar gründaren skal gå for å få hjelp? Vi er samde med Innveno i at gründarane bør ha ein plass å få råd, men det får dei på kommunehuset, hos HoppID-kontoret, sa Haugen.

Han understreka at han tykkjer at Innveno gjer mykje godt arbeid, ikkje minst gjennom bransjenettverka sine.

– Stikkordet for meg er kva rekkjefølge ting skal komme i, seier Haugen, som frå talarstolen nytta høvet til å gjere det klart at innstillinga om avslag ikkje er nokon form for hevnaksjon etter at Innveno og dagleg leiar Magne Løfaldli arrangerte møte om autonome ferjer få dagar før kommunestyret i Surnadal skulle behandle kommunedelplanen for Todalsfjordprosjektet.

– Eg har eit veldig godt forhold til Innveno og dagleg leiar, så det har ingenting med det å gjere. Det handlar om at eg meiner vi bør sitte i førarsetet. Det er ikkje utviklingsselskapet som skal bestemme kva dei skal gjere, og så be oss betale etterpå. Difor meiner eg at det rette no er å seie nei til søknaden, slik den ligg føre, og så ta ein ny runde for å sjå på korleis ein skal løyse dette med næringsutvikling, seier Haugen.

Ønskjer seg styreplass

I den vidare debatten vart det heldt innlegg både for og imot å følgje kommunedirektøren si tilråding.

Rakel Polden (Ap) signaliserte tidleg at ho ønskte å støtte tilrådinga.

– Eg meiner ikkje at Innveno ikkje gjer ein god jobb, men tenker at ein kanskje kan bruke pengane annleis – sjølv om dei til slutt endar opp hos Innveno. Då kan ein vurdere behovet frå gong til gong, i staden for å gje eit driftstilskott, sa Polden, medan Ole Joar Karlstad Bruset (H) følgde opp:

– Eg føler eg veit lite om Innveno og kva dei driv med, men eg veit at dei binder bedrifter saman, og at dei har nettverk opp mot NTNU og slike fagmiljø.

Varaordførar Hugo Pedersen (Sp) fortalte at han har eit godt inntrykk av selskapet.

– Det er dyktige folk og viktige arbeidsplassar. Dei gjer ein litt annleis jobb, og har veldig høg og viktig kompetanse. Det er eit selskap som er eit krydder, og ei motvekt til SuSu og kommunen. Eg trur det er lurt at fleire kan vere med på å vurdere gründarar, og kanskje bør vi samarbeide endå betre, sa Pedersen, og la til:

– Eg tykkjer kanskje vi skal vere litt meir aktive når det gjeld eigarskapet vårt i Innveno, og vi burde absolutt hatt ein plass i styret.

Slo eit slag for sirkulærøkonomi

Eli Vullum Kvande (MDG) støtta Pedersen i at Surnadal kommune gjerne skulle hatt ein plass i styret i Innveno.

– Det hadde vore utruleg fint for å få eit tettare samarbeid mellom kommunen og Innveno. Eg trur det er kjempeviktig å ha ein link mellom store og små bedrifter, mellom kommune og næringsliv og mellom forsking og næringsliv. Eg tykkjer eg ser at Innveno er denne linken, som vi er nøydt til å ha skal vi få til innovasjon.

Som varaordføraren, signaliserte Vullum Kvande at ho i utgangspunktet var positiv til å innvilge tilskottet.

– Eg tenkjer at Innveno ikkje berre er eit selskap som støtter bedrifter. Dei er med og sprer ein entusiasme, moglegheiter og håp. Dei har konkrete prosjekt, og veldig ofte når eg les i media om kva dei får til, blir eg imponert. At kommunen er med og støttar gründarar er fint, men eg trur det berre er bra om dei har fleire å gå til.

MDG-politikaren kom med ei konkret oppmoding til oppdrag kommunen kan gje Innveno:

– Vi skulle hatt nokon som klarar å knytte bedrifter opp mot kvarandre, med tanke på sirkulærøkonomi. Nokre sitt avfall blir ein ressurs for andre, men skal ein få det til å fungere må nokon kartlegge kven som kan ha nytte av kva. Der trur eg Innveno kunne vore ein god samarbeidspartnar for kommunen.

Vil få til framtidsretta modell i samråd med Innveno

Ordførar Margrethe Svinvik delte og ut ros til Innveno for jobben dei gjer.

– Eg trur vi alle er samde om at Innveno gjer ein god og viktig jobb, og dei er ein litt annleis aktør enn dei andre i kommunen. Ved å etablere nettverk og sette i gang prosjekt skaffar dei mykje tilskott, som går direkte til bedrifter i kommunen. Vi skal vere glade for at vi har ein aktør som fyller den plassen, så er spørsmål berre korleis vi utformar arbeidet vårt vidare.

Svinvik understreka at ein her måtte prøve å finne ein modell for samarbeid og stønad, som kan fungere i fleire år framover.

– Så mi bestilling er at ein må avklare dette; korleis ein skal arbeide saman mot naturlege, felles mål.

Etter eit kort gruppemøte gjekk debatten vidare.

Jorid Johansen Aarvåg (Ap) let seg ikkje imponere av søknaden til Innveno.

– Dersom vi vel å innvilge søknaden, håpar eg vi kan verte samde om ein presedens om krava til sjølve søknadane. Det ser ut som om det er lagt lite jobb i søknaden her, eg tykkjer det er litt for lett å skrive omtrent fire linjer og så få 150 000 kroner.

Ordførar Svinvik følgde opp:

– Vi sit litt med spørsmåla enda, så eg tenkjer at vi sender dette tilbake til Innveno. Søknaden møter ikkje det Surnadal kommune ser for seg, og kommunedirektøren ønskjer ei anna ordning for dette, sa ho, og heldt fram:

– Då har eg eit ønskje om at vi får vite kva den ordninga skal gå ut på, og at ein ser på ein framtidsretta og berekraftig modell for dette, saman med Innveno. Så ser vi på dette i neste runde.

Ordføraren konkluderte:

– Slik debatten har vore, er det einigheit om at Innveno er eit positivt bidrag og viktig arbeid for å utvikle bedriftene våre.

Meiner søkar må ta ansvar for vidare dialog

Rakel Polden (Ap) og Ole Joar Bruset (H) var dei to siste på talarstolen før avstemninga. Polden tykte det vil vere unaturleg om Surnadal kommune no skal ha ansvaret for vidare dialog.

– Eg meiner vi kan avslå søknaden i dag. Så er det jo søkaren, som må ta kontakt med den som skal innvilge pengane – i staden for at kommunen skal måtte gå til dei og seie at «Vi vil gje dykk pengar, men…», seier Polden.

Bruset sa seg samd med ordførar Svinvik i at det er viktig å ikkje berre sjå på kva ein eventuelt løyver Innveno i 2021, men at ein må sjå dette i ein lengre samanheng.

– I tillegg bør vi også legge press på andre kommunar, som nyt godt av innovasjonen Innveno driv med, slik at det og blir med og spleisar, sa Bruset.

Ved avstemninga vart innstillinga til saka samrøystes vedteken, og søknaden om grunnfinansiering på 150 000 kroner vart dermed avslått.

Powered by Labrador CMS