Teselskap

- Tru på det du vil

Det sa misjonær Anna Sæther da ho demonstrerte og kåserte om te på møtet til Indre Nordmøre Senioruniversitet onsdag. I tillegg til solide teoriar om te og kor fortreffeleg drikk det er, så fekk vi også smake - nyte - te. Verknaden går fram av videoen nede i artikkelen.

Publisert Sist oppdatert
Frivilligsentralen var fint pynta til teselskap.
Festkjole.
Jakke for nyttårsfeiring.

- Te hører med til livets nytelser, sa Anna Sæther, og ho fanga straks merksemda til forsamlinga. Riktignok var ho misjonær, men her fløymde ho over oss med kunnskapen sin om te.

Vi fekk sjå eit stort utvalg av små kinesiske tekoppar som Anna hadde fått i gave frå vennene sine i Taiwan.

Anna Sæther kom til Taiwan i 1974, og ho har budd fleire stader i Taiwan, både ved kysten i låglandet og i høglandet, alle med ulik teprodusjon. I 1990 besøkte ho Kina for første gong.
- Kjem dokk att no! var orda ho vart møtt med. Misjonærane måtte rømme frå Kina i 1949. Seinara vart det fleire turar til Kina. Der snakka ho med folk om verdien av å skape gode relasjonar mellom folk. I Kina hadde folk lita tiltru til kvarandre, og dei var redde for myndigheitene. Ho flytta tilbake til Norge i 2014.

Taiwan

Taiwan er 1/10 av Norges areal, men har rundt 23 millionar innbyggarar. I hovudstadområdet Taipei bur det ca 6 millionar. Der budde Anna høgt i blokk, og ho skildra det sosiale møtet med andre i blokka når dei gjekk ut med søpla i 7-tida om kvelden. Slike møte kunne vare langt utover kvelden.

Ved kysten møtte ho haiane som smilte skeivt til henne frå fiskebåtane, og fiskarane kunne kaste ut ein makrell til den europeiske frøkena.

Vest og huver frå høglandet.

I høglandet møtte ho urfolket som var på Taiwan før kinesarane kom dit. Dei hadde møtt same skjebne som mange urfolk har møtt. Ho treivst svært godt hos urfolket. Der får ho alltid forestilling med song og dans når ho besøker dei. Ho saknar dei.

Joh.12: Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. Hugs å lese loddrett og frå høgre mot venstre!

Misjonssambandet starta misjon på Taiwan i 1952, men no er den kristne kyrkja der heilt på nasjonale hender. Anna Sæther var der som einaste norske misjonær i 7-8 år.

Samanrulla, tørre teblad
Teblada ette første uttrekking. Desse kan brukast fleire gonger!

Te

Hovudemnet var så klart te!
- Tetrekking er fin kunst, livsstil og kultur, slo ho fast.

Anna Sæther la levande ut om denne kulturen og om helseeffekten av te. Noko meir bevist, andre meir tvilsomme teser.

- Te dehydrerer ikkje kroppen slik som kaffe.
- Ein kopp te om dagen beskytter mot mange sjukdommar - det er forskningsbevist!
- Tedrikking har stor verknad på hjernefunksjonen.
- Te gir god helse og godt liv.
- Det er antioksydantar i grøn te, mest i kvit te.
- Tre koppar te om dagen reduserer risiko for hjerte- og karsjukdommar.
- Te hindrar vektauke.
- Te reduserer kolestrol.
- Te verkar positivt på huda, gjev ein spesiell glans. (Kommentar: Noko ho var bevis på!)
- Sunt for tennene, i følge forskning frå -90-talet. Tannlegen i salen bekrefta det, te inneheld fluor.

Tannlegen har trua!

Tru på det du vil!

Teplanta

Teplanta, Camellia sinensis, kjem frå Kina. Historia vil ha det til at te som drikk stammar frå keisar Shen Nung tilbake i 2737 før Kristus. På hans tid var det mykje sjukdom i landet. Han var klok, og befalte folk å koke vatnet før dei drakk det for å unngå sjukdom.

Ein dag satt han under eit Camellia-tre med vatnet sitt. Eit blad fall frå treet og opp i koppen med det varme vatnet. Det gav lukt og smak, og teen var oppdaga!

Seinare utvikla dyrkinga av teplanta seg i ulike deler av landet. Behandlinga av teblada har også like lang historie, og vi har fått mange slags te og skikkar rundt tekoppen.

- Beste teen, sa Anna Sæther, kjem frå høglandet midt på Taiwan, og den skulle vi få smake.

Med slik kuvert kjente vi oss velkomne til te-selskapet.

- Sett deg ned no, så skal du få ein kopp te! Det var det første ho fekk høre når ho besøkte folk i Taiwan. Ein måtte finne roa før samtalen kunne komme skikkeleg i gang. Det høres klokt ut.

Slik får du ein god kopp te!
Nærmast ser du ei innpakka og ei utpakka "tekake)

Anna gav oss også eit bilde av arbeidet til tedyrkarane. Ho har sjølv vore med på dette.

Først var dei ute og plukka teblada. Dei vart lagt til tørk i sola, og den første tørkinga var viktigast. Så vart blada rista i ei slags kiste og tørka meir, og vidare vart dei rista kvar time. Te-lukta kom! Heile prosessen fram til pakking tok 48 timar.

Vi fekk sjå og lukte på "tekake" - ikkje kvinneforeningskake, men ekte tekake frå Yunnan, Kina. Så fekk vi tepause for å smake på ekte grøn te, oppkvikkande, men litt tam.

Slik te kan visst lagrast opp til 50 år, og den bør lagrast minst 5 år før bruk!

Ingen tvil om at te verkar på folk! (Hugs å sette på lyd!)

Te-misjonær

Anna Sæter med hjelp av Rolf Arne Berg hadde bruka over tre timar på å pakke ut og sette utover på borda alt Anna hadde med seg til dette tea-partyet som det truleg ikkje har vore makan til her i dalføret før. Like lang tid gjekk det nok før ho kunne sette seg med tekoppen heime også.

Med forsøk på takkseiing på kinesisk overrakte Kjellaug Foseide frå Senioruniversitetet blomster til Anna SæthPer.

Det vart ei stor oppleving for alle som sette av denne formiddagen til dette selskapet i lokala til Surnadal Frivilligsentral. Det blir sikkert mange som roar seg ned med ein kopp te i dagane framover. Det kan du som berre les om dette gjere også, kor du trur på verknaden eller ei!

PS: Klikk på dei små bilda på PC, så ser du dei større!

- og her er ei bildeserie frå te-selskapet!

this page
this page
this page
this page
this page
this page
this page
this page
this page
this page
Powered by Labrador CMS