Rindal Kirke på sommeren
Rindal Kirke sommer

Preika fra konfirmasjons-gudstenesta i Rindal

Denne lørdagen var det konfirmasjon i Rindal. Lene prest har sendt oss preika med overskrifta "Den nysgjerrige!"

Publisert Sist oppdatert

Den nysgjerrige

På 90-talet sa statsminister Gro noko om nabokjeringa i ein nyttårstale. Og ho sa noko om å vera god. Teksta for dagen er om Jesus som 12-åring i templet. Nabokjeringa og Jesus har det til felles at dei er nysgjerrige, og at dette begjæret etter å vita kan gjera ein forskjell.

Lukas 2,41-52.

Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem utan at foreldra visste om det.

Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der.

Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara.

Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.»

Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.

Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

Slik lyder det heilage evangeliet.

Lene prest på preikestolen
Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen 1.påskedag i den kvite messehakelen med innviingskors. Den er laga i 2001 av Anne Kvam.

 

Den nysgjerrige (- her følgjer preika)

Og eg hadde nær sagt: Gå hen og gjer likeså: Bli med dei som vart dykkar føresette heim til Moan, Romundstadbygda og Bokta og alle andre stader og ver lydige mot dei. Det trur eg de klarer.

Og så kan mor dykkar gjera som Maria og gøyme alt i hjarta.

Lenge før de var født, var det ei dame som heiter Gro Harlem Brundtland som var statsminister her til lands. I eigenskap av å vera statsminister, heldt ho mange nyttårstalar. Sjølv hugsar eg to poeng frå ein av dei: Det var på 90-talet ho snakka om kor viktig nabokjeringa er. Og så snakka ho om at det er typisk norsk å vera god. Ikkje god til, men god.

Kva er det med nabokjeringa? Statsminister Gro trakk fram omsorgen. At det var typisk nabokjerring å passe på, halde seg orientert og sjå til at dei som trengte ekstra omsorg også fekk det. Det kunne handle om å spandere eit glas saft eller ein inspinne. Lytte til, plastre skrubbsår eller trøyste.

Eg håpar inderleg at det finst fleire slike nabokjeringar rundt om i bygda vår. Dei er så gode å ha, uansett om me er små eller halvgamle kjeringar som eg sjølv er.

Men det er også noko anna me lett tenkjer på når me snakkar om kjeringar: Dei har det med å vera litt nysgjerrige. Eller veldig nysgjerrige. Og det er vel igrunn ikkje så dårleg, berre dei veit å bruke hemmelegheitene konstruktivt så det ikkje blir slarv av det. Det er vel folk til alt.

For nysgjerrigheit kan brukast på ein god måte slik at det blir større forståelse og meir omsorg av det.

Til og med Jesus var nysgjerrig, har me høyrt. I denne forteljinga er han ein gut-unge på 12 år. Han er for liten til å bli att i Jerusalem åleine, og foreldra hans trur at han er i lag med nokon andre på veg heim til Nasaret. Men det er han ikkje. Han er nemleg ikkje ferdig i templet.

Og der, der skulle me gjerne ha vore den berømmelege flua på veggen og høyrt kva som går føre seg. Der sit han, vesle Jesus, med dun på overleppa og er veslevaksen i lag med dei vaksne.

Der sit han midt blant lærarane og høyrer på dei og stiller spørsmål. Og alle som høyrer på han, undrar seg over kor klok han er og kor godt han svarar.

Han sit blant dei som veit mest – som ein sjetteklassing i kollegiet av professorar – og diskuterer faglege spørsmål på deira nivå.

Det må ha vore underleg til oppleving både for kunnskapseliten og for dei som er der og høyrer på.

Jesus høyrer på kva dei som veit har å seie. Og han stiller dei spørsmål. Og ut ifrå dette blir det undring over kor klok han er og kor godt han svarar.

Alle veit jo det: Jesus stiller i særklasse. Han har såpass til kontakt direkte oppover at han tek inn dei himmelske frekvensane direkte. Kva har vel professorar og andre som veit mykje å stille opp med i forhold til dette?

Og kva er det vel eg vil ha fram med dette – anna enn ei innstendig oppfordring til å vera nysgjerrige på den gode måten. Nysgjerrige på ein konstruktiv måte. Vitebegjærlige. Svoltne på kunnskap og hungrige etter visdom.

Kvifor? Fordi den som er nysgjerrig veit mykje. Og folk som veit mykje, er det også lett å merke at er interessante å vera atti`.

Og så er det ein ting til:

Er de nysgjerrige, så oppdagar de snart at det ikkje finst uinteressante menneske. Til og med ein ektefelle de måtte ha hatt i årtiar kan vera interessant, berre de er nysgjerrige på kva som bur i tankane og følelsane og prøver å diskutere eitkvart ut over kva de skal ha til middag i morgon eller kva TV-kanal de skal sjå. Det er berre å prøve!

Jesus var interessert i teologiske spørsmål. Og spør de meg, svarer eg gjerne at dette er noko av det mest interessante me kan engasjere oss i. Finst det noko viktigare å granske enn Gud, liksom? Guds ord er så stort og så rikt at det er grenselaust kva me kan ta til oss av stimuli for sjel og tanke der.

Jesus er i templet og diskuterer med dei som kan og veit mest. Me har ikkje tempel her i bygda, men me har kyrkja. De har vore her nok til å sjå det: Nokon gonger er det interessant, mens det andre gonger ikkje er såpass.

Men det som blir formidla er alltid fyrste klasses: Evangeliet som er godt nok og sterkt nok til å gje oss frelse og bevare oss i trua. Så blir det forkynt gjennom ord og salmar, dåp og nattverd. Til å ta imot og ta imot. På nytt og på nytt. Sundag etter sundag.

Statsminister Gro sa også noko om at det er typisk norsk å vera god. Grensa mellom å vera god og å vera sjølvgod er hårfin.

Er me gode, så er me gode nok. Er me sjølvgode, så blir me lett ufordragelege. Og uansett kor gode eller sjølvgode me måtte finne på å vera, blir me aldri for store, flinke eller gode til å trenge fellesskapet me alle er født på nytt att for å høyre til i: Samfunnet av dei heilage. Ikkje fordi me er så gode, men fordi Gud er god og finn sin veg til oss gjennom Jesus Kristus.

Me ber for dykk at de må finne ein heim i Guds kyrkje på jorda. Det er dette som er håpet for oss alle:

At Guds kyrkje må vera heimen vår – akkurat slik Jesus hadde skjønt at det var då han var 12: Han måtte vera i sin fars hus.

Så ja, velkommen tilbake! Og gløym aldri å vera nysgjerrig på den gode måten, - nysgjerrig på kva som bur i folk nær deg og nysgjerrig på Guds evige visdom. Det er hav å ta av.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Desse vart konfirmerte i Rindal kirke i dag

Lørdag 25. mai kl. 10

Bastian Børset Bekken, Hedda Børset, Trond Børset, Mari Holte, Ailo Bøe Løset, Kaspian Løset, Linus Landstad Røen og Trine Slettvåg Løkås

Lørdag 25. mai kl. 12

Annbjørg Eriksen, Mona Løften, Anne Bolme Nonstad, Mayla Nilssen Nordlund, Tiril Alexandra Nygård, Elmira Landsem-Røen, Linnea Smevoll-Svinsås og Ingrid Svanem

Utgangsprosesjon med prest og konfirmantar
Utgangsprosesjon under samtalegudtenesta.
ps: To konfirmantar var sjuke og ikkje tilstades

 

Powered by Labrador CMS