Konfirmasjon i Rindalskyrkja
Sist helg tok me imot to grupper konfirmantar i Rindalskyrkja. Dei er på sitt finaste, og kyrkja var godt besøkt båe dagane. Fint med song til ungdommane av Marit Løfaldli, som også fekk fødselsdagssong frå rekordmange sundag.
Preika tek utgangspunkt i Fader vår, og den vart slik:
Herrens bønn, Matteus 6,7-13:
Når dere ber, skal dere ikke ramse opp ord slik de gjør blant folkeslagene; de tror de blir bønnhørt ved å bruke mange ord. Vær ikke lik dem! For dere har en Far som vet hva dere trenger, før dere ber ham om det. 9 Slik skal dere da be:
Vår Far i himmelen! La navnet ditt helliges. La riket ditt komme.
La viljen din skje på jorden slik som i himmelen.
Gi oss i dag vårt daglige brød,
og tilgi oss vår skyld, slik også vi tilgir våre skyldnere.
Og la oss ikke komme i fristelse, men frels oss fra det onde.
For riket er ditt og makten og æren i evighet. Amen.
Preike konfirmasjonsdag.
Dess meir hormonstyrte denne kyrkjelyden er i dag, dess meir er denne preka til dykk. I utgangpunktet hadde eg tenkt å preike mest til besteforeldra, onklane og tantene og så berre overlata til Den Hellige Ånd å eventuelt få inn eitkvart lite hjå dykk som er fulle av adrealin. Men nei, slik blir det altså ikkje.
Adrealin er eit hormon som kjem med fysisk eller psykisk stress. Kjenneteikn: Hjartet slår fortare, blodtrykket stig og det blir ekstra energi til musklane.
Kanskje så mykje energi at det er vanskeleg å sitja stille. Kva veit vel eg.
De kan jammen bli hormonstyrt av mindre enn alt de har gjort, alt de har tenkt å gjera, alt de har måtte hugse, alt de er redde for at de har gløymt, eit selskap som kan vera samansett av fleire uregelmessige verb … og har de no hugst å heise flagget og vaske frontruta på bilen?
Det kan gå bra likevel. Og uansett gjer det ubetinga godt for den enkelte konfirmant å vera hovedperson i sitt eige selskap på sin eigen dag.
Denne dagen som står for bekreftelse og stadfestelse av alt som er fint, alt som er godt, alt som gjev liv og lys. Me feirar dåpen i dag. Dåpen som er så stappfull av guddommeleg adrealin at det er vanskeleg å ta det inn. Men det var der det starta og der fortsettelsen har utgangspunktet sitt:
I døypevatn som på sin måte symboliserer død og oppstandelse. Så ja, kjære konfirmantar: De har stått opp frå døypevatnet til eit evig liv med Jesus.
Forstå det den som vil, men uansett står det til truande.
Difor lærer Jesus oss å be. Ikkje nødvendigvis lange og inderlege og innvikla bøner, men så enkelt at sjølv den mest barnslege av oss kan forstå kva me ber om.
Me henvender oss til far. Til faren me har felles, me som er skapt inn i hans mangslungne familie. Vår far.
Ikkje min eigen og private, men vår felles. Ta det gjerne som ein indikasjon på at me er syskjen når me ber. Syskjen, del av same familie, ståande på akkurat same linje hjå ein som er akkurat like glad i oss alle.
Kor eg unnar kvar einaste konfirmant å ha ein far som Gud!
Slik var det i det såkalla patrialtaske samfunnet, no kan me like gjerne seia mor som Gud. Eller foreldre som Gud.
Foreldre som tek ansvar, som er nær, som det går an å snakke med om alt. Har de ikkje fortalt dykkar håpefulle det før, så gjer det no, eller i alle fall i løpet av dei neste to vekene:
Hugs at du alltid kan koma til meg med alt! Det går ikkje an å stelle seg så dumt at du ikkje kan koma til meg og fortelja om det! Og jo verre du har stelt deg, desto viktigare er det at du fortel meg det fyrst. Eg er din næraste og den fyrste til å stille opp for deg og hjelpe deg.
Det kan handle om rus eller overgrep, økonomiske utfordringar eller mørke netteverk, angst, kriminalitet eller andre dumme ting:
Aldri for dumt eller flaut til å snakke med foreldra sine om slikt.
Og til dykk foreldre: Kom ut frå bobla og snakk med ungdommane dykkar. Lat dei få kjenne og føle at de er tilsnakkande om noko anna enn at de er flinke på skulen og ynskjer seg fine ting.
For det er tross alt forskjell på å ha ein Fader Vår i himmelen og foreldre heime. Ungdommane dykkar er ikkje vaksne, så dei treng kjærlege vaksne til å ta seg av, vise omsorg og ordne opp … inntil rollene plutseleg blir bytta. Det skjer fortare enn ein skulle tru.
Men han Fader vår i himmelen er også god å ha til å henvende seg til. Jesus lærer oss å be denne bøna, og dermed bèr den også i seg eit mål for kva som er ein sunn relasjon både oppover og bortover.
Ei bøn som Fader vår er ei bøn for heile livet, ord for gode relasjonar, bøn for alt me treng og noko å strekke seg etter for oss dødelege.
La navnet ditt helliges. Eller helliget vorde ditt navn, som mange lærte. Eller lat namnet ditt helgast.
Det heilage namnet. Guds namn som er så mykje meir enn eit namn men bokstaveleg talt ein heil Gud. Og eg vil påstå såpass at der Guds namn blir æra, der finst det ikkje mørke skuggar eller noko å vera redd for.
Tida har gjeve oss store komponistar som skreiv slitesterkt. Og dei største, som Bach og Händel, signerte notearka sine med SDG. Soli Deo Gloria – Berre Gud skal ha æra.
Korleis me ærer Gud kan vera mangslunge. Vel og bra med prektig oppførsel. Men kanskje vèl så viktig er det å kunne erkjenne feil – eller som det står: Tilgi oss vår skyld.
Foreldre har ikkje vore foreldre lenge før me møter oss sjølve i døra.
Me har kort lunte. Me er urimelege og utidige. Utålmodige og masete. Urettferdige og spydige. Rett og slett har me eit rikeleg forråd på ressursar for å bryte ned våre eigne born.
Så eg seier det berre: Har me ikkje lært oss å be om tilgivelse før, så må det i alle fall til når me blir foreldre.
Det blir alvårleg til prakk om foreldre skal lære borna sine å be om tilgivelse om dei alltid skal framstå som prektig feilfrie sjølve. Som om det var mogeleg - .
Og det er umogeleg. Det er difor me må erkjenne såpass at me treng tilgjeving. At me treng hjelp så me ungår å hoppe uti kvar einaste fristelse med begge føtene.
Kvar gjer me av adrealinet og trøkket? Akkurat i dag er det ikkje stort å gjera med. Men i neste veke, kanskje, kan det vera at fleire enn meg tek opp att den gamle og gode vanen med å lesa sitt Fadervår regelmessig.
Lata orda sige inn samtidig som dei stig oppover til den Gud som er far for oss alle og mest av alt ynskjer å gjera oss godt.
Dårlegare menneske blir me uansett ikkje om me lever for at Guds namn skal bli gjort heilagt mellom oss, om me lever i tilgivelse med oss sjølve og kvarandre eller om me ber om nåde til å styre unna fristelsar.
Så må me berre ha trua på at om det er mykje som dreg oss ned, så er det desto meir som dreg oss oppover til livslyst og håp og eit evig liv hjå Gud.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve til æve. Amen.
—
Bilde frå fotograf Lediard, av alle konfirmantane samla, kjem seinare på Trollheimsporten.