Sørgegudsteneste. Gudsteneste i sorga. Det har vel neppe nokon av oss vore på før. Men når me brukar dei ressursane me har, er det utruleg mykje å ause av til trøyst og ny styrke i ei tid som er vanskeleg også for oss.
Tenne eit lys kan alle gjera. Like eins sende gode tankar til dei som syrgjer meir enn oss. Og så er det noko med Gudsordet – når me stiller oss disponible for å høyre kan det også vera at bodskapen gjer noko i oss med trøyst frå kjelder me ikkje hadde i oss sjølve.
For med Gudsordet festar håpet seg i oss. Som òg trua og kjærleiken gjer det. Dermed blir også perspektiva vidare så dei hjelper oss å sjå at livet er meir enn det som skjer her og no.
Livet er meir enn oss. Og livet er langt meir enn våre bekymringar for korleis det skal gå.
Me har bekymra oss i fellesskap dei siste dagane. Korleis skal dette gå? Kjem kongen vår ut att ifrå Rikshospitalet i levande live? Så gjorde han ikkje det. Komplikasjonane vart for store for den 89 år gamle kroppen.
No syrgjer me i fellesskap. Me har alle mista noko i han som samla oss som folk og nasjon gjennom alt han formidla og alt han var og stod for. Utrøytteleg i innsatsen sin for landet og folket – for oss alle. Sanneleg var han ein stor konge. Ein elskverdig konge, verd alt me måtte ha av kjærleik, omsorg, respekt – og ikkje minst tid til å be for han.
Ein konge og Jesus Kristus har ein ting felles: Dei er båe født inn i rolla si. Lova om tronarvefylgja er nøye meisla ut, så det ikkje skal vera tvil.
Før 1905 var det skrive at kongen var konge av Guds nåde, mens det etter at kong Haakon gjekk i land i november 1905 i praksis er slik at kongen er konge av nåden som måtte finnast mellom dei me veljer til Stortinget.
I denne samanhengen er det også interessant å merke seg at kong Harald har lagt seg opp i politiske anliggande ein einaste gong i kongetida si. Då kyrkje og stat skulle skilja lag i 2012, ville han fortsatt ha med i Grunnlovens paragraf fire at kongen alltid skal bekjenne seg til den evangelisk-lutherske religion. Og kongen fekk det som han ville.
Livet han har levd og verdiane han har formidla seier sitt om at denne plikta til å bekjenne kristen tru fall temmeleg naturleg.
Født inn i rolla si. Eit liv som er forma frå fødselen. Og slik er det fordi foreldra dine er dei dei er. Er du født av ei dronning, evt. ei kronprinsesse, så blir du konge – eller dronning. Og er du født av ei jomfru, så blir du ... ja, kva blir du då?
Då blir du ein som ber folk om å ikkje hjartet uroast. Fordi du i kraft av den du er kan gjera noko med uroa som finst.
I kraft av den du er – kven er du då, du som er født av ei jomfru? Du har Gud til far, du er bindeledde mellom jord og himmel, menneske og Gud. Det er litt av ein spagat å stå i.
Kall det gjerne like u-uthaldeleg som det visseleg var å vera dette mennesket som er født inn i rolla som offerlam for all verdas synd og skuld og nederlag og elendigheit. Det vart ein beisk død han var født til å bøye seg for - for å bera døden bort frå oss som er samla i sorg.
Jesus var født inn i rolla som offerlam, født for å døy for oss alle uansett korleis me har stelt oss. Difor kan han frimodig nok forkynne som han gjer om at hjarto våre ikkje skal uroast. Han har kontroll, han som sjølv er vegen, sanninga og livet.
Kong Harald var født til konge. Og han vart ein konge me syrgjer over.
Jesus var født til å vera frelsar for alle folk. Han vart også syrgja over, men desto meir lovprisa etter at oppdraget var utført, døden oppslukt og sigeren vunnen. I denne Jesu siger over døden ligg håpet vårt om at korkje synd eller død skal ha siste ordet.
Han som er født inn i rolla som frelsar får me heller ta på ordet og inrette både tanke og handlingsmønster etter kva han fortel oss.
Tankane våre kan aldri bli for fulle av bodskapen om himmelsk kjærleik og levande håp.
Gode gjerningar er det også rikeleg med rom for.
Det kan vera me skulle byrja med å ivareta oss sjølve såpass at me tek til oss næring frå brød og vin som blir bydd oss av han som byr oss alt me ikkje får til sjølve.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og blir èin sann Gud frå æve og til æve.
Amen.