Bjørn Hovde heldt andakt og peika på døyparen Johannes

Misjonsfest med lokalt salmefokus

Surnadal Normisjon held ved like tradisjonen med nyttårsfest – også i coronatider. I år var lokale salmetonar del av eit variert program på Eidet Bedehus.

Publisert Sist oppdatert

Ekteparet Einy Elgsæther og Svein Volle stod i spissen for årets fest. Tidlegare prest i Sunndal, Bjørn Hovde, heldt andakt. Som lokal representant for Normisjon gav Svein Dalen innblikk i organisasjonens arbeid i bygda og dikstriktet.

Mellom linjene i salmeboka

Saman med ei syngande forsamling og solist Svein Volle bladde Bernt Bøe i salmeboka og leita fram detaljar som kanskje skjuler seg «mellom linjene og blada», slik han uttrykte det.

Som at mange melodiar frå våre trakter finst i vår nye salmebok. Blant dei 6 nordmørske folketonane i boka finn vi to frå Stangvik, ein frå Halsa og ein frå Rindal. Påskesalmen «Som den gylne sol frembryter» syng vi gjerne til den friske Halsa-melodien som Henning Sommerro og koret Skruk henta fram att på 1970-talet.

I salen på Eidet Bedehus sat endatil ein salmeforfattar: Til rindalstonen på nr. 334 har nemleg Sverre Hatle laga teksten («Du er mi øy i havet»).

Bernt Bøe (ved pianoet) og songaren Svein Volle delte salmeperler med forsamlinga

Enda meir kortreist er «Julverset» (nr. 30) og «Tal vennlig til Jerusalem» (247) – som samlaren Edvard Bræin i si tid skreiv ned etter songarar i Stangvik-området.

«Julverset» fekk i 2013 plass i salmeboka med ein av dei mange tonane Bræin høyrde lokale folk synge. Masse tradisjon knyter seg til denne salmen, ei av dei blankaste perlene i norsk folkemusikk.

Breidablikk-tonen i salmeboka, til Eyvind Skeie sin nye tekst

Tonen frå Breidablikk

Frå heimen Breidablikk på Kvanne kjem tonen på «Tal vennlig til Jerusalem» - med tekst av Eyvind Skeie. For denne kan vi takke tidlegare handelsmann og søndagsskulelærar Johan Aasgaard: Han formidla melodien til Edvard Bræin da folketonesamlaren besøkte Breidablikk i 1928.

Johan Aasgaard og kona Ingeborg med barneflokken attmed Breidablikk – truleg i 1907.
Breidablikk i dag – på bakken ovafor ferjeleiet på Kvanne

Johan song orda «O tenk dig hin skjærtorsdagsnatt». Bræin nytta derimot teksten «Ak, mon min vei til Kanaan» i sine populære utgåver for solist og kor. Ein slager på lokale songarstemne år etter år og framført både under landssongarfesten i Nidarosdomen i 1933 og ved «Det nordiske kirkemusikermøde» i København i 1939. På Eidet tolka Svein Volle «Tal vennlig» til Breidablikk-tonen med stor innleving.

Sverre Hatle har skrive nr. 334 i salmeboka «Du er mi øy i havet»

Skjult mellom linjene

Kåseriet var elles innom songar med og utan lokal tilnyting. Under bolken om «fellesskap» framførte Svein den dobbeltydige «Guds menighet» - der Ronald Fangen, første norske diktar arrestert av tyskerane under krigen, siktar til naziveldets urett og ser fram mot at det vonde «skal smelte som sne og is for sol og sommervær».

Salmeboka er vel vår rikaste samling av dikt og musikk. Mange tekster spring ut av tunge livssituasjonar, men er likevel prega av trøst og mot. «Nå la oss takke Gud» vart til midt under 30-årskrigen, da millionar døydde i Tyskland – forfattaren Rinkart forretta 4500 gravferder.

Judy Collins gjorde «Amazing grace» til poplåt på 1960-talet. Men teksten frå 1700-talet er skapt av ein som hadde opplevd både slavetransport, havsnød og dødsangst. At vår norske versjon (342) er blant Surna-vennen Trygve Bjerkrheim sine 12-15000 dikt, vart også nemnt.

Så kan du gjerne lesa første ord i kvart vers av «Velt alle dine veier» (464). Da oppdagar du eit såkalla «akrostikon» som gir deg ordlyden i Bibelens Salme 37.5! Tonen til denne (forresten Bachs yndlingsmelodi) var opprinneleg kjærleiksvisa «Mein G’müt ist mir verwirret» (Mitt sinn er meg forvirret utav en jomfru skjønn). Også salmekulturen har gått uransakelege vegar!

Einy Rendal Elgsæther: Uvanleg aktiv pensjonist – prestevikar, skribent og her som pådrivar for den tradisjonsrike misjonsfesten ved nyttår

Tornerose og Hauge i fangenskap

Den danske diktarpresten Christian Richardt (han med «Alltid freidig») besøkte sin venn og kollega Elster i Stangvik prestegard for 150 år sia. Hans livlege diskusjonar med bonde Lars Moe frå Kvanne er ein lokalhistorisk godbit. Visste du forresten at «Alltid freidig» er henta frå Richardts syngespel over eventyret «Tornerose»? Der syng prinsen (Kristus) denne modige teksten idet han trossar alle vonde makter for å fri Tornerose (menneskesjela) ut frå fortapelsen.

Eit annan fangenskap knyter seg til nr. 75 i salmeboka - dikta av Hans Nielsen Hauge i fengselet i Trondheim julaftan 1799. Dit kom han etter ei av sine vandringar på våre trakter, frå Halsa via Settemsdalen og Surnadalen til Rindalen der han skapte røre og fekk mange følgjarar. Det var difor med stor innleving at forsamlinga på Eidet istemte fengselssalmen frå rådhusarresten – «Jeg er hos Gud i nåde, hva skader verden meg?».

Men referatet frå nyttårsfesten 2022 er ikkje komplett utan at vi nemner både misjonsgåva og den flotte serveringa som lokalforeininga sytte for. Tradisjon å halde ved like, det og!

Kristiansunds-organist, folketonesamlar og komponist Edvard Bræin (1887-1957) skreiv ned mange av Nordmørs-tonane i salmeboka. Han hadde m.a. stor sukess med Breidablikk-melodien på mange songarstemne
Powered by Labrador CMS