Sesongopning på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden

Det vart kalla til kåseri på gamalt sjømannsvis. Gunnhild ringde med klokka seks gonger for å markere at klokka var tre. Eitt ring for kvart halvtimeglas som var snudd.

Høg trivselsfaktor på museumsopninga

-mange besøkte Sjøbruksmuseet på søndag

Publisert Sist oppdatert

Søndag opna Sjøbruksmuseet i Bøfjorden for sesongen, og trass i dårleg 'innevêr' var alle borda så godt som fylt opp. Det er ope kvar søndag heile sommaren, og er tradisjonelt godt besøkt gjennom sesongen. Mange er faste, lokale gjestar som nyttar dette som eit sosialt treffpunkt.

Mange hadde 'trossa vêret', og brukte ettermiddagen til sosialt samvær på museet.

Tre av søndagane er det middagsservering, og på opningsdagen vart det muleg å kjøpe seg sodd før det vart kaffe og kaker. Balldagen sist i sesongen brukar å vere veldig populær.

Eva og Gunnhild serverte sodd.
Det gjekk unna med kakene til Kirsten.

Klokka tre ringde det til kåseri. Dagens tema var turar og terrengnamn. Gjennom ei rekkje bilde, både heilt nye og historiske, fekk vi ei reise gjennom den flotte naturen kring Bøfjorden. Med utgangspunkt i fleire av dei merka turane i brosjyra Turar i Bøfjorden, fekk vi sjå bilde frå stiar og utsiktspunkt med forteljingar og forklaring på mange stadsnam. Mellom anna fortel ei segn at Jutulsteinen på Ytterneset er kasta over fjorden av jutulen i Svinnesnebba fordi han var irritert på krøttera på andre sida. På Mannbjønnberget vart ei tenestejente jaga på sjøen av bjørnen, Merrasteinen drap ei merr og husmannsplassen Sjølgjettla heitte det fordi det var så bratt at dyra gjette seg sjølve. Fleire toppar har namn etter måltid. Namna Åbithaugen, Durmålhaugen og Nonsvarden fortel oss kor sola er til frukost, lunsj og ettermiddagskaffen. Ny og gamal historie vart fletta saman, og vi fekk høyre om kraftverk på Nordstrand og gruvedrift innmed Hjelmkonå. Mange av gjestane hadd forteljingar og spørsmål knytt til plassane vi såg bilde av, og det vart mykje engasjement.

Bernt Bøe viste bilde frå turar kring Bøfjorden. Vi var med frå Kalset, gjennom setrer og toppar over Heggem, Dragset og Skrøvset, bortom Bølandet med Bølia og innom Hjelmen med kone i Settemsdalen.
Historielaget har eit utval lokale skrifter for sal.
For den historieinteresserte er Sjøbruksmuseet vel verdt eit besøk. Lokalet har mange gamle gjenstandar og informasjonstavler som dokumenterer lokal historie.
Powered by Labrador CMS