Makalaus kvinne:

Et gammelt bilde av ei svært gammel dame i strikka kofte. Bak henne står to alvorlige godt voksne damer og en godt voksen mann med hatt.
Guro på 105-årsdagen i 1954 – i sjølstrikka kofte og skjerf. Besøkande er Berit og Hilmar Aunli og Dordi Trodal (t.h.).

Mange hugsa Guro

Legendariske Guro Grøtan (1849-1955) var sentralt samtaleemne på museet i Bøfjorden søndag. Mange formidla levande minne om henne.

Publisert Sist oppdatert

Også fire andre markante personar - Jim Musters, Kristen Staknes, John Tørset («Jo Sengen») og Erik Heggem («Erk Lånn») vart portretterte i biletkåseriet. Men Grøtan-Guro engasjerte mest.

Kaffekanne etter Guro

Marta Havdal kom med ei flott kaffekanne til museet – direkte knytt til Guro. 

– Denne fekk mor mi, Ingrid Settemsdal, i gåve frå henne, kunne Marta fortelje. 

– Mor var nabo, besøkte og hjelpte henne mykje på hennar gamle dagar.

Ei smilende godt voksen dame som holder fram et hefte med skrift og bilder. Foran henne på bordet står ei kaffekanne av porselen.
– Denne fine kaffekanna fekk mor Ingrid av Guro Grøtan, seier Marta Havdal – som forærer kanna vidare til Bøfjorden Historielag.

Og «gamle dagar» er stikkordet når det gjeld Guro Grøtan. Ho vart over 105 år gammal, var i si tid landets eldste kvinne og hadde ei urokkeleg tru på framtida enno da. Som hundreåring strikka ho seg ny kofte. 

– Na bli god å ha når eg bli gammel, sa ho.

Kari Sollid Heitmann fortalte at Guro i sitt 102. år (1951) kom med «sengjamat» da søster til Kari, Aud Jorunn (no Endresen) var nyfødd. Jenta låg på loftet og sov, og Guro tykte ikkje dei skulle vekkje ho: 

– Eg får da sjå ho når ho kjem på vegan, sa ho.

Minne frå Myran

Guro Grøtan døde for 70 år sia (1955), men mange i forsamlinga hugsa henne - blant dei Sigmund Gravvold. Han gav også museet eit hittil ukjent foto av hovudpersonen, som siste åra igjen budde i Myran – der familien Gravvold da var eigarar.

– Sjøl om eg berre var liten, har eg eigne minne attåt ymse som mor og far har fortalt, sa Sigmund. 

– Bussjåfør Frank Jenssen gjorde mange ærend for Guro på sine Surnadals-turar. Han var yndlingen hennar, stansa bussen og var innom henne på turar både til og frå. Og da kunne ho spandere ferske Surna-bollar på søstra mi og meg.

Et gammelt svart/hvitt-portrettbilde av ei svært gammel dame, pynta med bluse og strikkavest. Hun ser alvorlig og tenksom ut.
Guro på sine gamle dagar – etter eit langt og innhaldsrikt, men slitsamt liv.

Kors og bibelkunnskap

Sigmund hugsa også at Guro kunne sin bibel og hadde eit særleg forhold til høgare makter. Skulle ho understreke noko gledeleg, slo ho korstegn i lufta. – Og da sokneprest Ingvaldstad heldt andakt ved senga hennar og las Jesu lidingshistorie, tok ho ordet frå han og siterte like godt resten av teksten sjøl – utanåt!

Ein gong datt ho i loftstrappa og slo hovudet i veggen så det small. Erna, mor til Sigmund, kom springande til og spurte: 

– Slo du deg, Guro? 

– Å va-det-så-lekt, svara gamlingen. 

– Vårherre la da handa imyllå!

Sterk livshistorie

Ei livshistorie utan sidestykke vart skildra. Som 8-åring var «Mari-Guro» gjetar dagen lang i den bratte Bølia. Som konfirmantelev kunne ho gå til fots frå Bøfjorden til Halsa. Som ung og ugift mor mista ho tre born – 7, 8 og 10 år gamle.

Ho vart enkje etter to ekteskap – det siste med Ola Grøtan i Settemsdalen. 

– Ola og eg begynte med ei geit og ei såte høy, fortalte ho. 

Arbeidsdagen ute og heime varte gjerne til langt på natt. Guro bar seterdrått og varer milevis på ryggen – til Vågland og Valsøyfjorden så vel som til Skrøvsetvika.

Tekstilkunstnar

I handarbeid og tekstilfarging var ho ein meister – noko ho utvikla heile tida: Som hundreåring deltok ho på tekstilkurs! Sjøl konservator Ola Seter (Ola Kunst) skreiv rosande om kunstnaren Guro!

Ironisk nok var det under koking av plantefargar i 1944 at det fata i veggen attmed omnsrøret, og hytta til Guro attmed Liavatnet brann opp. Seinare fekk ho bu hos andre – den siste tida som nemnt i Myran.

Musters – forskar og motstandsoffiser

Også Jim Musters fekk omtale. Lokalt er han kjend som eigar av Vaulen på Nordmarka i mellomkrigstida. Mindre veit vel folk om zoologen, ornitologen, eventyraren og ikkje minst motstandsoffiseren Jim (James Lawrence) Chaworth-Musters. Og om hans herskapelege engelske opphav.

Et bilde sammensatt av to bilder. Det øverste er et stort hus på et engelsk gods, bygd av murstein. Det nederste er ei norsk trønderlån med torvtak.
I herskapelege Annesley Hall (øvst) vart James Lawrence Chaworth-Musters fødd I 1901. Familien kjøpte markagarden Vaulen (under) i 1895 – med Jim (James) som eigar frå 1929.

Musters jobba i 20 år for naturavdelinga ved British Museum. (Da Esten Aasgaard og vegarbeidarane fann kvalbein i Bøverfjorden i 1930, sendte han straks tekst og foto til avisa Londoner Times.) Musters forska på pattedyr i mange land. Ein museart han dokumenterte i Afganistan, ber difor hans namn - «musterii».

Et gammelt svart/hvitt-bilde av 6 menn i arbeidsklær, som har stilt seg opp for fotografering.
Under bygging av Markavegen i 1930 fann arbeidarene beina etter ein grønlandskval. Musters (t.v.) skreiv om funnet i Londoner Times. Til venstre ornitolog J. P. Chaworth Musters frå England. Arbeidarene er Eisten Aasgaard, Lars A. Seter, Ola Sæterbø, Magnus Svensli og Anders Gjengstø.

Frå Utsira i Rogaland kartla han trekkfuglane sine ruter frå Sibir til Afrika med mellomlanding på norskekysten. I 1921 deltok han i Ekerold-ekspedisjonen til Jan Mayen - som førte til at Norge seinare annekterte øya. 

Et gammelt svrt/hvitt-bilde av en mann i uniform. Han støtter seg mot noe og skuer utover. Man ser ikke bakgrunnen.
Marineløytnant Jim Musters er kanskje lite kjent for sin krigsinnsats.

Men mest blir Jim Musters hugsa for organisering av flyktningefarten til Shetland og tøffe motstandstiltak under krigen. Via kontakt med Martin Linge bidro han til danninga av Kompani Linge. Minnesmerket som vart avduka av slekt og motstandsfolk på Vaulen i 2004, er dermed også eit betydeleg krigsminne.

Jo Sengen

Ytterlegare tre lokalprofilar vart henta fram frå støvete minneblad. Rindalingen Jo Sengen (John J. Tøseth, 1810-1885) var lam og dermed bunden til ei seng. Likevel drog han som forkynnar rundt i store deler av Trøndelag. Reisemåte: Ein liten hest drog ei vogn med senga hans oppi! I 1856 gav Jo Sengen ut bokverket «Hjærtets Følelser og Erfaringer» - med 134 salmar, 52 skrivne av han sjøl.

Et bilde av tittelsida i ei gammel bok. Det er også skrevet noe (uleselig) med håndskrift på sida ved tittelbladet.
I samlinga «Hjærtets Følelser og Erfaringer» skreiv Jo Tørset (Sengen) heile 52 salmar.

Kristen Staknes

Litt gards- og slektshistorie frå Stakkneset på Bø fekk plass på lerretet, mest om originalen Kristen Staknes (1851-1911; han døde forresten på 60-årsdagen sin). Kystseglaren på «Solemsjekta» var ein gåvmild og snill onkel, dyktig handverkar og original sjømann med fullt av sitat etter seg. Som denne beskjeden til mannskapet på jekta i storm på Stadthavet: - No må de ikkje bannast, kara. For her e det djuft!

Et gammelt portrettbilde i svart/hvitt av en pen ung mann med mørkt fyldig hår. Han har en alvorlig mine, og er pent antrukket med mørke jakke, skjorte og sløyfe i halsen. Han har mørkt halvlangt skjegg fra øre til øre, og skjegget går under haka, mens haka er barbert.
Kristen Staknes i unge år.

Han Erk med Svartboka

Minst like original må han Erk Lånn’ (Erich OlsSøn Heggem, 1759-1843) ha vore. Han kunne bruke Svartboka med alskens trylleregler, sa dei. Erk sette fast pengetjuven i døra, fekk det til å snø ned på julekveldsbordet og laga motvind alle vegar til tylvågingen som stal sild frå garna hans. Så fast trudde bøfjordingane på svartkunstene hans Erk Lånn’ at dei torde ikkje å ta vare på pengeskrinet etter han. Det søkkte dei ned i fjorden - så der ligg det den dag i dag!

Et gammelt bilde av en autograf: '
Erk kunne skrive namnet sitt – og meir til. Her er autografen i kopi frå eit dokument på Heggem (datert 1818).

Men Musters, Jo, Kristen og Erk får ha oss unnskyldt: Denne gongen var det Guro som stal showet.

Powered by Labrador CMS