Midtsommar i Surnadal:
Publikum fekk den magien dei kom for
"A Kind of Magic - det beste frå Queen" gjekk av stabelen under Midtsommar i Surnadal laurdag kveld.
Etter fjorårets ABBA-konsert har SKUV klart det igjen, og denne gongen tok dei fatt på Queen-katalogen. Det blei ein festkveld med allsang på kulturhusplassen, der det vart servert hit etter hit. Etter ein regnvåt dag blei også festivalvêret betre utover kvelden.
På scena sto Lisa Botterli Flostrand, Torstein Snekvik, Gunn Astrid Hove, Øystein Hjelle Bondhus, Brage Kristian Einum, Rolf Paulsen, Erkki Morten Klame, Olav Nergård Tørset, Ola Langli og Sondre Skogseth. Det er lett å gløyme at dette er lokale musikarar når nivået er så høgt som dette.
Sjå bileta og ein video frå konserten her:
Video: Sunniva Øigård