Midtsommar i Surnadal:
På vandring i Halvor og Anne sine fotspor
Torsdag kveld inviterte Nordmørsmusea og museumsgartner Stefan Patrick Nilsen til ei hagevandring utanom det vanlege i Svinvik arboret. Omvisninga tok deltakarane med inn i delar av arboretet som ikkje vanlegvis er med i dei ordinære omvisningane.
Svinvik Arboret vart bygd opp av Halvor og Anne Svinvik frå 1940-talet og utover. I vakre omgivelser over Todalsfjorden, med eit stort utval av gamle og nye plantar, er det lett å forstå kvifor hagen framleis fascinerer.
Museumsgartneren, som har arbeidd ved arboretet sidan januar 2025, leia vandringa. Undervegs delte han spennande historier om arboretet, området rundt og arbeidet Halvor Svinvik la ned for å byggje opp hagen.
Denne gongen fekk deltakarane vere med på ei utvida omvisning i noko ulendt terreng. Det gav moglegheit til å sjå nokre av dei eldste plantene og trea, og få eit innblikk i korleis hagen såg ut då Halvor og Anne sjølv budde her.
Vandringa starta på Svinvik gard, der Kristina og Tore Svinvik fortalde om drifta på garden i dag. Halvor var gammelonkelen til Tore. Patrick hadde mykje spennande informasjon om frukttrea og plantene på garden. Det var til og med kunnskap som dei som bur på garden kunne lære noko nytt av. Sidan arboretet har røtene sine her, var det naturleg å starte turen på garden.
Deretter gjekk turen vidare til Gjengsto, gjennom ei uvanleg rute med noko ulendt terreng. Deltakarane fekk sjå nokre av dei første trea og planteane som Halvor planta langs berget.
Mot slutten av hagevandringa fekk deltakarande sjå eit tre med en spesiell historie, Tempeltreet. Det blir ofte omtala som eit "levande fossil". Arten er 270 millionar år gammal og har overlevd store endringar på jorda på den tida. Treet er også rekna som heilagt i mange land, og er knytta til mykje symbolikk.
I tillegg til dei faste omvisningane kvar onsdag, er det planlagt ei ny utvida omvisning om eit par veker. For dei som er interesserte i å lære meir om historia til arboretet, er det vel verdt å ta turen.