Tradisjonshelg

Songar frå Romundstadbygda

Fredag kveld var det billys som perler på ei snor oppover Romundstadbygda, for på "Granheim" var det songkveld i Trøen kammersmusikk si Tradisjonshelg! I programmet var vi lova Songar frå Romundstadbygda.

Publisert Sist oppdatert

Granheim vart fylt opp av forventningsfulle folk frå Rindal og nabobygdene, og "Verdens minste festival i Rindal" heldt det dei lova, med songar frå Romundstadbygda og Rindal, og litt til.

Festivalen har som motto " - med fortida inn i framtida," og det vart så flott vist denne kvelden, songvalget og tonefølgjet, songar frå livet med alvor og skjemt, akkompagnert av musikarar som tok tradisjonsmusikken på alvor, samtidig som dei la sitt personlege preg gjennom improvisasjonane sine.

Det vart ei stor oppleving frå starten med Rindalssongen som Rolf Storholt og Eilif Gulbranson har gitt oss, til Turid Røen Kroknes si framføring av Rørdalsvisa som bestefar hennar skreiv i 1928 som prolog til 100-årsjubileet til nybyggargrenda Rørdalen i 2028 (!)

Etter Rindalssongen framførte Marit Løfaldli to religiøse folketonar, Sorgen og gleden di vandre til hope og Hvad er det godt at lande. Begge songane er etter gammelorganisten Ola Romundstad og nedskrive av Edvard Bræin. Ola tok 5 orgeltimar i byen og vart da godkjent som "organist i landsens kirke," fortalte Marit Løfaldli om oldefar sin.

Marit song dei religiøse folketonane med innleving og djup andakt, - vi landa mjukt - i himlens søde land!

Lydbildet i Granheim var godt tilpassa lokalet og publikum, og akkompagnementet til songane var nydeleg arrangert og utført av Jo Ranheim på gitar og Ronny Kjøsen på trekkspel og el-piano.

Så introduserte Marit Fenstadvisa etter Jens Amundsen Fenstad frå Stadsbygd. Han levde eit liv på sida av lova, kronisk falskmyntar, og vart dømt til døden. Visa skreiv han medan han venta på straffa, 9 vers som slettes ikkje var lystelege. Marit framførte berre dei tre likaste versa. Det var dyster tekst, men musikarane kamuflerte det triste med lystig arrangert akkompagnement. Det tok skikkeleg av under eit mellomspel der Jo Ranheim briljerte på gitaren!

Neste solist var Jeanette Paulsen som framførte teksta Haust av Edvin Opøien tonesett av Jo Ranheim. Så sa Jeanette at ho hadde masa seg til å få synge to utanbygds songar. Da fekk vi hør ei sladdervise frå Oppdal, Dei seier så mangt, av Ola Sætrom. Jo og Ronny kvitterte med sprudlande, farskåt komp, og frå visa noterte vi - dei seier så mangt borti gardom - - men visste dei alt som hende, så fortalde dei ikkje eit ord!

Den andre utanbygdssongen var frå Berkåk etter Kåre Sundset. Den skreiv han til mor si da ho døde i 1995, og tittelen var Mor, eit varmt minne og ein hyllest til mor.

Siste solist var Turid Røen Kroknes som har vakse opp i nabolaget til Granheim. Ho gav oss først salmen Se solens skjønne lys og prakt med rindalstone før ho song ei amerikavise frå Rindal.

Turid tok også fram ei tekst av Edvin Opøien, Blåtimen, tonesett av Jo Ranheim. Der fekk vi ei kveldsstemning vi lett kan sjå for oss.

Kveldens høgdepunkt var heilt klart Turid Røen Kroknes og spellmennene si framføring av Rørdalsvisa! Dei slo seg laus og gav den lange historia lystig liv, slik mange av spådommane Ingebrigt Røen skriv om i visa alt har fått, alt fem år før visa skulle framførast!

Denne delen av kveldsprogrammet vart avslutta med framføring av salmen Akk mon min vei til Kanaan med melodi skrive ned etter Guri Romundstad til nydeleg tonefølgje.

Melodien kan Guri ha lært den av onnefolk som kom til Romundstadbygda frå Grip, for Grip er også oppgitt som opphavsstad for denne folketonen, fortalte Turid.

Etter ein pause fortsette festivalprogrammet i Granheim med "Krasjkurs i Gammeldans" og så var det dans til slutt!

Powered by Labrador CMS