Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
LAN 2011 (7)_1024x738

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - mars

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det mars 2011 i kavalkaden for Rindal og ungdomsrådet arrangerte LAN-party i Rindalshuset

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

MARS

Ungdomsrådet med ungdomskonsulent Åse Børset i spissen arrangerte nok ein gong LAN-party i Rindalshuset, meir populært enn nokon gong, der 60 ungdommar bruka dei tre første dagane i vinterferien til å sitte saman ved datamaskina. NRK Møre og Romsdal stakk også innom, saman med Dataklubben for eldre på besøk hos ungdommane.

Trollheimen er så vakker og full av muligheter, at den nyvalgte styreleiaren for landskapsvernområdet, surnadalsordførar Mons Otnes vil lempe på reglane som skal beskytte Trollheimen mot for mykje bruk. Nasjonalparkar og andre store verneområde som Trollheimen skal forvaltast lokalt gjennom eit politisk samansett interkommunalt nasjonalpark- og verneområdestyre. For Trollheimen blir dette plassert i Rindal.

Og i starten av månaden var det Fråsparksamling for prosjektet Opplev Trollheimen med Janne Bøklepp (under til venstre) i spissen. Mulighetene er nemleg mange, aktørane likeså. No skal prosjekt opplev Trollheimen samordne slik at det blir meir og betre aktivitetar i det spennande fjellområdet.

Eit jaktlag i nedre Surnadal felte ei hogaupe tidleg i mars, men sauebonde Marvin Røen i  Rindal frykta at det ville ta lang tid å få ei såpass god gaupeforvaltning at sauenæringa kan bergast.

Dei fire lokale sparebankane, Hemne, Meldal, Orkdal og Rindal ville vise seg fram som dei betydelege samfunnsaktøane dei er. I 2010 ga dei bort til saman heile ni millionar kroner. Den samla eigenkapitalen på 936 millionar kroner betyr at dei fire bankane er blant dei 25-30 beste bankane i landet når det gjeld soliditet. – Det betyr at vi har dreve nøkternt, noko som gir kundane trygghet. Kvar krone på botnlinja går til bankens eigenkapital i staden for at det blir betalt utbytte, som i eit aksjelskap, understreka banksjef Odd Inge Løfald.

Songkoret Tormod hadde bedt med seg musikkorpset Blæst’n og bandet Gauar da dei serverte musikk frå fire tiår i Rindal kirke. Høgdepunkta kom på rekkje og rad og kirka var nærast full.

Da ambulansetenesta i Helse Midt skulle rullerast, vart det foreslått å flytte ambulansen i Rindal til Storås. Det vekte reaksjonar i Rindal. Sanitetsforeninga var aksjonsklare på kort tid, mens kommunen gikk i dialog med Helse Midt og la til grunn at dei kunne bygge ein ny ambulansestasjon på austenden av Utigard ved helsetunet. Samtidig vedtok kommunestyret ein krass uttale omkring saka.

Ein omfattande budstikkeaksjon starta av ordførar John Ole Aspli hos leiar Tore Simonset i Rindal Bondelag på Simonset i midten av månaden. Den hadde sitt utspring i Norges Bondelag: Auka lønsemd i landbruket og meir dyrka jord per nordmann var kravet.

Prosjektet ”Bo i Rindal – Rindal Vest” (til høgre) omfatta riving av tre sentrumsbygg og bygging av nytt. – Hovedmålet er å legge til rette for gode og attraktive buløysingar. Det har eg som ordførar litt hastverk med å få til, sidan vi har lagt ned ein jobb for å gjera oss attraktive for nye innbyggarar. Vi manglar bustader til folk som vil kome hit, sa ordførar John Ole Aspli. Prosjektet omfatta i første omgang riving av dei tre bygningane Øvre Dalen, Autobygget og Autoverkstedet. På Øvre Dalen var det planlagt eit bygg i tre etasjar, med leiligheter over to etasjar og mulighet for næring/butikk i første etasje om interessa melder seg. Kommunestyret vedtok å utsette utbygginga, men bevilga 500 000 kroner for å fortsette prosjektet. Nytt regime med Sp i spissen stoppa dette seinare.

Per Lilleløkken, opprinneleg frå Rindal, var spanaren i Politiets Overvåkingsteneste (POT) som hausten 2010 fortalte om den ulovlege overvåkinga av Arne Treholt frå 1980 til 1985. Ein tirsdag i midten av mars sto han ope fram i Brennpunkt på NRK.

No kan du åpne bomlåsen på hyttevegen eller skogsvegen din ved hjelp av mobiltelefonen. Det er El-Watch som har utvikla ein sjøldriven og fjernstyrt lås (til venstre). – Bomlåsen går på solcelle og blir fjenstyrt via mobil. Så mange brukarar ein vil kan leggast til. Systemet kan brukast på hyttevegar og skogsvegar, i staden for at kvar brukar skal ha ein nøkkel. Vi jobba med dette i heile fjor og lanserte produktet på hyttemessa på Lillestrøm i april, sa dagleg leiar Tor Øistein Skjermo. El-Watch, som er best på trådlaust, har kalla det nye produktet JustPHONBE. Bomlåsen går på batteri med solcellelading, og blir styrt via GSM.

Lars Hol Moholdt fekk ein dårleg start på VM i skiorientering. Han vart diska på sprinten og kom inn på 35. plass på mellomdistansen, langt under forventningane. Prestasjonane tok seg opp utover i mesterskapet. På langdistansen vart det sjuandeplass, mens han sikra Norge bronsemedaljen på stafetten. Og etter den medaljen kunne han fortelle at han ville fortsette ei god stund enno. – Eg var nervøs, men greidde å halde på roa og gjere det rette. Det var ei god oppleving å ta med seg, sa han etterpå.

Det var fartsfest på Skogsletta da Rindalsskogen Racingklubb inviterte til snøskuterdrag. Dei hadde fullklaff både med ver og føreforhold. Spennande duellar og enorm fart fenga dei rundt 200 tilskuarane. På grunn av dårleg ver måtte dei først avlyse arrangementet, men 14 dagar seinare  vart fartsfesten eit faktum.

Rindal kommune nekta å betale for prosjektering av Nytunet omsorgsbustader før konsekvensar av feilposjektering vart avklar. Rambøll hadde prosjektert bygget som etter planene skulle stå ferdig 1. juni. Rindal kommune var ikkje heilt fornøgd med dei bygningstekniske løysingane Rambøll har valgt. Fleire av løysingane har blitt retta på i etterkant, noko som medførte ekstrakostnader.

Kommunane Surnadal Rindal og Halsa bau inn til Trondheimstreff for andre gong i slutten av mars. Denne gongen var treffet blinordmoring.no lagt til Britannia Hotell. I fjor slo dei tre ordførarane, Mons Otnes (Surnadal), John Ole Aspli (Rindal) og Ola Rognskog (Halsa) til med ein rap. I år hadde dei henta Inga Dalsegg som konferansier. – Saman er vi sterke og med tre kommunar kan vi tilby mykje for to som trenger jobb og bolig, sa dei.

Det vart sett ny jaktrekord på Nordmøre i 2010 med 4117 felte hjort. I Rindal var det imidlertid ein nedgang på 25 felte dyr til 109 felte hjort i fjor. Når det gjeld elg vart det skote 105 i Rindal i fjor. Det er 10 fleire enn året før.

Arbeidet med å samle tre idrettslag til eit i Rindal har vekt kjensler. Samanslåinga er no utsett på ubestemt tid. Det skal noko til å fylle alle verv i tre idrettsag i ein kommune med vel 2000 innbyggarar. I fjor lanserte IK Rindals-Troll, IL Rindøl og Rindal Fotballklubb derfor arbeidet med å samle dei tre til eit idrettslag. Ei arbeidsgruppe vart sett ned og klubbane hadde fleire møte. Målet var å kome fram til ein samarbeidsklubb innan mars 2011. Det lykkast ikkje. – Vi er framleis positive til å diskutere dette vidare, men er og opptatt av at det blir ein skikkeleg prosess på det, sa nyvalgt leiar Lisbeth Lillevik i IL Rindøl. – Medlemmene må få vera med å tenkje og stemme, og folk etterlyser eit meir konkret mål og innhald for samanslåinga. Dei er usikre på kva dei får, og vil vite meir før dei er med på dette, sjøl om dei aller fleste ser at vi sportsleg sett har veldig mykje å tjene på det, la ho til.

Hytteeigarar i Kårliåsen reagerer på ulovlegoppfølging på deira eigedomar. Dei meiner kommunen har gjort feil, og varslar at dei vil rette erstatningskrav for eventuelle økonomiske tap til kommunen. Rådmann Bjarne Nordlund skjønar frustrasjonen til hytteeigarane, men håpar at ei rettssak som er på gang, vil gje ei avklaring.

 

Tips en venn Skriv ut