Pudderføre
Pudderføre
Jon Bruset Gå til galleriet
Onsdag
Onsdag Delvis skyet
-2°
Delvis skyet
Flau vind
Torsdag
Torsdag Skyet
-1°
Skyet
Flau vind

Rindal Heimbygdlag

Føremålet med laget: 
§ 1. Rindal Heimbygdlag skal arbeida for å halda vedlike det verdfulle i bygdekulturen, auke kjennskapen til og vørdnaden for vår eigen kulturarv, så denne kan bli førd vidare inn i framtidssamfunnet. 

§ 2. Med tanke på dette vil Rindal Heimbygdlag derfor:
* driva studie- og opplysningsarbeid 
* samla verdfulle folkeminne og føra arbeidet med lokalhistoria vidare 
* ta vare på bygdemålet i ord og uttrykk gjennom innsamlingsarbeid og bruk 
* berga stadnamna frå å bli gløymde 
* samla folkemusikk og gjera den tilgjengeleg både lokalt og nasjonalt

§ 3. Laget skal vera tilslutta Noregs Mållag gjennom Nordmøre Mållag. 

Noko av det vi har drive med i siste tida: Kulturvandring i Romundstadbygda 2010. Utgjeving av årsskrift og boka Rindalshumor. Båe desse er å få kjøpt i butikkane i Rindal, og ved å kontakte styreleiar eller skrivar. Vi er 24 medlemmer i laget og ønskjer oss fleire.

Rindal Heimbygdlag mottok Kuliprisen frå Nordmøre Historielag i 2005.

Styret i år 2011:

 

Ann Grimsmo, leiar. Tlf. 71 66 69 45. E-post: ann-gri@frisurf.no Edgar Landsem, nestleiar. Tlf. 71 66 51 99. Gunnar N. Løseth, kasserar. Tlf. 71 66 69 87 Ragnhild Stavne Bolme, skrivar. Tlf. 71 66 54 75. E-post: rsbolme@online.no Liv Nergård Aune, styremedlem. Er du interessert i å vera med i laget, eller vita meir, ta kontakt med oss.

Du finner nyheter fra Rindal Heimbygdlag ved å klikke her. Rindal heimbygdlag hadde årsmøte mandag 1. mars 2010 og ved å klikke på nyheter fra Rindal Heimbygdlag finner du årsmelding for 2009, regnskap og utskrift fra møteboka.

 

  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stubmleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no