Tirsdag
Tirsdag Delvis skyet
-4°
Delvis skyet
Flau vind
Onsdag
Onsdag Delvis skyet
-2°
Delvis skyet
Flau vind
Hkollen 2011_1024x649

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - mai

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det mai 2011 i kavalkaden for Rindal og Rindals-Troll gjorde det skapt i Holmenkollstafetten.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

MAI
Nærings- og miljøutvalget i Møre og Romsdal var på besøk i Rindal og Surnadal første veka i mai. I Rindal lot dei seg begeistre av familiebedrifter. Politikarane var innom Letthus og fekk omvising og orientering av dagleg leiar Nils Heggem. Dei var og innom familiebedriftene Rindalslist og Rindalshytter, der Hege  Gåsvand (til venstre sammen med Emil Gåsvand under åpninga av Bygger'n i 2010) og Steinar Skjerdingstad orienterte og viste rundt. Politikarane vart imponert over det låge sjukefråværet hos Rindalslist og Rindalshytter. Heilt ned i tre prosent på ei produksjonsbedrift. Noko av hemmeligheten ligg i at bedrifta spanderer fysioterapi og kiropraktortimar på medarbeidarane både på forebygging og behandling. Politikarane vart også imponert da Steinar Skjerdingstad hos Rindalshytter kunne fortelle at deira målsetting var å bli Norges mest innovative hyttebedrift, noko han hevda var enkelt, i og med at resten av bransjen er så traust og "bakpå".

Heltemot redda millionverdiar i Lomundalen. Med sin raske og heltemodige innsats redda Bjørn Klock verdiar for mellom 5 og 10 millionar kroner frå å gå tapt da traktoren hans tok fyr like ved fjøset. Med vinsjen på gammeltraktoren og med stor fare for eigne skader, fekk han flytta unna den brennande traktoren.

Rindalingen Lars Løfaldli i Direktoratet for Naturforvaltning venta på Tårnleif. I 2009 fostra han opp 4 ungar, etter at mora (Tårnfrid) kom bort. I fjor fann han seg ny make og paret fekk fram 6 ungar. Tidleg i mai var det spenning på om paret kom attende til hekkeplassen i Rindal. Men kameraoverføring blir det ikkje meir, mest på grunn av sikkerheten til fuglane.

Rådmann Bjarne Nordlund sa at resultata kjem berre ein arbeider hardt og målretta. Auka folketal og overskott i regnskapet for 18. gong, viste dette.

Else Marie Sandø og Lars Inge Røen (over til høgre) mottok sølvtina frå Tine under årsmøtet i Oslo i mars. Det vil seie at dei har produsert elitemjølk i 15 år. Sølvtina er den høgaste utmerkinga mjølkebønder her i landet kan få for topp mjølkekvalitet.

Ressurskomiteen ba administrasjonen i Rindal om å vurdere krava til kva for underskrifter som trengs for å gi gyldig vegrett i kommunen. Det vil ta tid. - I ei slik vurdering må fleire inn å bidra med råd. - Dette er ikkje slik vi gjer over natta, sa rådmann Bjarne Nordlund. - No må vi starte på nytt igjen. Dette er en stor jobb vi nå skal ta, sier han. Grunneigar i Tørsetmarka, Stig Tørset, fekk ikkje tinglyse ei tomt han hadde delt frå sin eigendom. Grunnen til nekting av tinglysing var at tomta, i følge kommunen, ikkje hadde sikra gyldig vegrett. Vedtaket som nekta tinglysing hadde Tørset klaga på. Denne klagen vart behandlet i ressurskomiteen, der rådmannens innstilling var å avslå klagen, og dermed sende ei ny klagesak frå Tørsetmarka til Fylkesmannen. Det ville ikkje politikarane i ressurskomiteen vera med på. Dei vedtok å utsette saka på grunn av uklarheiter om eigendomsretten til eit stykke veg fram til den aktuelle tomta. Samtidig med vedtaket om utsetting av klagesaka, kravde ressurskomiteen at administrasjonen revurderte sin praksis med atkomsterklæring. Spørsmålet om vegrett er i utgangspunktet eit privatrettsleg forhold og oppgaven til kommunen er å vurdere om det er sannsynlig for at ei tomt har vegrett. Rindal kommune opererer no med at ei atkomsterklæring underskrive av alle eigarane av ein veg, som eineste gyldige dokumentasjon av vegrett. Stig Tørset hevda imidlerertid at han har vegrett fram til den gjeldande tomta gjennom to dommar i jordskfteretten. Administrasjonen i kommunen meinte at å gje vegrett til denne tomta også ville gje vegrett til dei fire tomtene Fylkesmannen tidligere hadde sagt nei til. Det var ikkje Stig Tørset einig i og viste til jordskiftedommane. Det var bebuda ei privatrettsleg rettssak i denne striden. Seinare kom det dom i denne rettsaka som sa at det var nok med underskrifta til styret i veglaget for å gje vegrett. Striden har vart siden 1994 og er prega av god gammeldags nabokrangel og prinsipprytteri. - Vi ser at vegrettserklæringa blir bruka som brekkstong frå begge partar i Tørsetmarka gjennom nekt av underskrift. Vi vil ha ei ny vurdering på om det er heilt nødvendig å bruke eit slikt skjema for å fastslå vegrett. Kanskje er det ei 110 prosent sikring, mens det held med 100 prosent, sa leiar Ola Eirik Bolme i ressurskomiteen.

Rindal får behalde ambulansestasjonen sin og kjem til å arbeide vidare med planenen om ein ny og moderne ambulansestasjon ved Rindal Helsetun. – Det er svært gledeleg og tilfredsstillande at styret i Helse Midt-Norge har sikra vidare drift av  ambulansestasjonen i Rindal, sa ordførar John Ole Aspli. Seinare vart plasseringa endra og kommunen trong ikkje bygge ambulansestasjonen. Det viktige var at den vart vverande i Rindal.

Dei tre kommunane Halsa, Surnadal og Rindal satsar bredt på breiband gjennom Svorka Aksess. Fiberkabel vil gje eit langt betre tilbod på indre del av Nordmøre. Fiberkabelen skal trekkjast langs høgspentnettet.  – Dette blir betre og raskare enn i byen, sa ordførarane Mons Otnes (Surnadal), Ola Rognskog (Halsa) og John Ole Aspli (Rindal), som signerte avtalen om at Svorka Aksess skal stå for utbygginga av fiberkabelen. I praksis betydde det at regionen fekk ein ny framtidsretta stamveg for breiband.

Orkdal skal kreve skatt i Rindal og med det flaggar kommunen ut skatteoppkrevingsfunksjonen. Effektivisering av skatteetaten med omorganisering frå papirmølle til papirlaust system, samt at det nye systemet gir få muligheter til å inngå avtalar basert på skjønn og lokalkunnskap, er moment som gjer det meir hensiktsmessig for Rindal å sette bort skatteoppkrevingsfunksjonen.

Ressurskomiteen i Rindal har sagt ja til oppstart med ny reguleringsplan for deler av Tørsetmarka, men ønsker alle grunneigarane med i planlegginga. Samtidig hadde fire hytteeiere i Tørsetmarka frist til 1. mai med å å ordne seg vegrett fram til hyttene sine. Der greidde ingen, men ei rettssak avgjorde det seinare.

IK Rindals-Troll var betydeleg svekka før årets Holmenkollstafett (lager over til høgre). Fire av dei beste løparane var ute med skade i oppkjøringa til vårens vakraste eventyr. - Vi manglar fire viktige grunna skade; Lars Hagen, Arnt Inge Nilsen, Thomas Holm og Teklya Tekesete, sa lagleiar Tor Jarle Bolme. Han var spent, men med fire av dei beste ute såg han det som umuleg å kunne kopiere den sterke innsatsen i fjor. Da vart Rindals-Troll nummer åtte av dei norske laga i eliteklassen og fullførte dei 15 etappane på knappe 18 km på tida 50,49. Da vant Tjalve på 48,04. Rindals-Troll har vore med i Holmenkollstafetten sidan 1984. I år var laget prega av mange skader og sjukdom og hovedmålet var å stå i eliteklassen. Det greidde dei med glans. Det ble 17. plass til slutt.

Løparar frå Rindals-Troll tok tre KM-titlar under KM i terrengløp i Stadsbygds. Jo Svinsås (G14), Helge Langen (senior) og Ole Arnold Sødal (35-40 år) vant sine klassar.

- Vi er gode til å få til ting i Rindal og vi har eit stort og kompetanserikt miljø innan tre. No er det tid for å åpne litt opp og sleppe folk innpå oss, sa ordførar John Ole Aspli, da han saman med formannskapet besøkte studentene fra arkitektfakultetet ved NTNU for å sjå korleis det gjekk med badstubygginga. - Dette vil berike oss rindalinger både fagleg og miljømessig, la ordføraren til. I midten av månaden sette 25 arkitektstudentar ved NTNU opp ei offentleg badstue (over til venstre ser vi frå flyttinga i sommar). Den skal stå ved Igltjønna. Lafta, sjølsagt. Dette er eit ledd i den unike samarbeidsavtalen mellom kommunen og NTNU.

24. mai åpna Inga Dalsegg separatutstilling på Midtown Manhatten i New York (til høgre). Dette var ein kjempemulighet for rindalskunstnaren. – Dette er kjempeartig og spennande. Men samtidig veit eg ikkje korleis det går. Det kan gå i alle retningar, sa Inga Dalsegg, som var fullt klar over at utstillinga kunne gå begge vegar økonomisk.

Han har 54 maratonløp attom seg og siktar mot minst det dobbelte. For Henrik Aasbø i Rindals-Troll er det lidenskap å springe mil etter mil på asfalt. – Drivkrafta er å kome i mål. Det gir ei fantastisk kjensle, seier den superspreke 54-åringen. Han flytta frå Rindal alt i 1979, men det har aldri vore aktuelt å forlate moderklubben. Og eit av høgdepunkta er å treffe att gamle kompisar og sambygdingar under St. Olavsloppet, der han har sprunge for Rindals-Troll sidan 2002, da han for alvor fekk smaken på springing.

Kommunestyra i Rindal og Surnadal kalla inn til eit historisk møte i slutten av månaden. Dei skreiv historie da dei møttest i kulturhuset i Surnadal for å fatte eit felles vedtak om vilkåra for kraftproduksjonen i Surna. Vedtaka var første steg på vegen mot det kommunane håpa vart betre levekår for fisken i dei nasjonale vassdraga. Kommunane følte dei hadde sterk støtte for krava dei ønska Statkraft skal bli pålagt.

I starten av juni kom det positive uttaler frå Statkraft og elvaordførarane John Ole Aspli og Mons Otnes tromma saman pressa for å fortelle kor glade dei vart. Men det er langt frå sikkert at det er grunn til å juble så veldig høgt. Likevel vart det pressetreff i gapahuken til Georg Solem – leiar i Surnadal elveeigarlag. – Vi tolkar uttalene positivt i forhold til dei krav begge kommunane no skal levere til NVE. Vi let oss oppmuntre av det som vart sagt av Statkraft, sa Otnes og Aspli. – Den positive tonen frå Statkraft gjer oss optimistiske med tanke på den posessen vi skal i gang med, sa dei to ordførarane.

45 vegstrekningar i Rindal har ikkje hatt namn - reint formelt. No skulle namna på plass. Ein namnekomite har kome med forslag på namn på over 40 vegstrekningar, og desse vart lagt ut på høring.

Tore Simonset trakk seg som leiar i Rindal bondelag i protest mot jordbruksoppgjeret. Eg kan ikkje vera lokallagsleiar og stå inne for eit slikt ubrukeleg opppgjer. Eg har trekt meg for å vise min misnøye, sa han. Bøndene kravde 2,6 milliardar kroner i årets oppgjer, og endte opp med 1,42 milliardar. Simonset meinte dette var så dårleg at det går ut over rekrutteringa til landbruket.

Interessa for Småtrolluka er rekordstor. 250 fotballplassar vart borte på to veker. I slutten av mai opererte Småtrolluka med ventelister. I tillegg er 18 foreløpig påmeldt til årets nykomling: sommarskiskule, som har ubegrensa med plassar. Dette er langt over deltakartalet frå i fjor som var tilsaman 230. – Interessa er sto i år. Eg trur det skuldast det sosiale. Vi er ikkje berre ein fotballskule, men vi har arrangement mellom øktene og kvar kveld, sa leiar for Småtrolluka, Harald Solvik. Småtrolluka gjekk i år for 27. gong.

Mend dei ”store” tråvlaga har slitt med å få meldte hestar i lokalløpa i år, kunne Rindal travklubb servere tråvkjøring med mange løp og nærare 50 hestar. Ikkje nok med det – publikum hadde og funne vegen til Løsetmoan på kveldstråv ein fredag kveld. Over til venstre ser du Petter Baalsrud med Jolene og til høgre Rigelin med eigar Nils Stokke og kusk Jarle Morten Sørmo - begge hestane frå vårtråvet til Rindal travklubb.

 

Tips en venn Skriv ut