Trollheimstankar

- Til fånyttes lever ingen

- Hei, Lise. Har du ei tekst eller eit dikt du vil dele med lesarane i Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Vi tok kontakt med Lise Dagrun Løset og lurte på om ho hadde eit dikt eller ei tekst ho ville dele med oss. Ho trong ikkje lang tid på å finne ut kva som låg hjartet hennar nærmast, nemleg diktet « Um å bera» av Jan-Magnus Bruheim.

- Vi må hjelpe kvarandre

- Diktet har vore med meg i førti år no, seier Lise. Eg har ei bok med favorittdikta mine i og dette diktet les eg ofte. Det handlar om å hjelpe kvarandre, vera snill med kvarandre. Det er det livet handlar om, veit du, seier Lise.

– Vi må greie å sjå kvarandre og hjelpe kvarandre. «Hjelpelaus er den som ikkje har nokon å hjelpe og vera god mot», står det i diktet.

- Ein person spurte meg ein gong om kva er det som gjer ein person verdifull, da svarte eg at alle har verdi fordi dei «er», dei treng ikkje gjera noko, berre fordi ein er, har menneske verdi. Til fånyttes lever ingen!

Grublar på ord og setningar

Lise er ikkje sikker på om alle les diktet slik som ho. Ho grublar på nokre av setningane og er open for andre tolkingar.

- Gruble på ord og setningar har eg alltid gjort, seier Lise. Da eg voks opp sat eg ofte på rommet mitt og las, dit rømte eg når det vart for mykje lyd rundt meg, fortel ho.

Ho likar også orda til Hans Børli, han seier «Å skrive er et spørsmål om å finne få nok ord til store nok følelser.»

Dei små tinga

Bruheim gjer livet vakkert, seier Lise. Han seier at vi ikkje må gløyme det enkle, vi treng ikkje gjere livet så vidløftig, dei små tinga er viktigare enn vi trur, vi gløymer og overser dei, seier Lise.

Dei små ting, dei små augeblink, dei er ikkje små.