Musikar Ronny Kjøsen, klokkar Randi Bøe og prest Cathrine Grutle hadde kvar sine roller i utegudstenesta.
Musikar Ronny Kjøsen, klokkar Randi Bøe og prest Cathrine Grutle hadde kvar sine roller i utegudstenesta.

Arena Bele

Grenda Bele er jamen eit besøk verd. Både ved utegudsteneste som no sist søndag - og til andre slags treff.

Publisert

Søndag kalla den historiske supaklokka til gudsteneste på Grendaplassen. Messa vart leia av prest Cathrine Grutle saman med musikar Ronny Kjøsen og klokkar Randi Bøe. Forsamlinga fann sine plassar attmed gapahuken.

Søndag var det gudsteneste på Grendaplassen
Søndag var det gudsteneste på Grendaplassen

Miljø med tradisjonar

Mange besøkande nytta sjansen da grunneigaren på Belavollan, Magne Sollid, viste rundt i bygningane som han og kona Anne Kari har restaurert ved sida av Grendaplassen. Av gamle uthus har dei skapt flotte møterom og selskapslokale. I dette anlegget står Kvennhuslåven sentralt - med entré, sanitæravdeling og tilstøytande rom.

Kvennhuslåven: Eit særprega lokale til alle slags samkomer, med interiør både frå Belagrenda og Malaysia!
Kvennhuslåven: Eit særprega lokale til alle slags samkomer, med interiør både frå Belagrenda og Malaysia!

- Vi ivra for å skape eit miljø som tek vare på tradisjonar, seier Magne. Den store låvesalen har både langreist og kortreist interiør med særpreg. Ja - medan vegger og dører er frå ulike bygningar på garden og i nabolaget, består langbordet av material frå Malaysia!

Heider til pionerane

På veggene heng kunst og historiske foto. Vi let oss fascinere av tipp-tippoldeforeldra sitt dobbelportrett. For Tomine og Martinus Sollid har mykje av æra for dyrking, bygging og framdrift av denne garden. Så heng da også ein ærerik landbruksmedalje ved biletet av dei to.

Nybyggjarane: Tomine (f. Vullum; 1845-1928) og Martinus Sollid (1842-1926) dyrka innmark, reiste bygningane på nye tufter og moderniserte husdyrstellet.
Nybyggjarane: Tomine (f. Vullum; 1845-1928) og Martinus Sollid (1842-1926) dyrka innmark, reiste bygningane på nye tufter og moderniserte husdyrstellet.
Martinus vart heidra med gullmedalje for banebrytande gardsdrift. Men «Fædrelandets Vel» galdt ikkje berre «Dets Sønners Ære». Motivet peikar vel også på «Dets Døtres Ære» - medrekna Tomine?
Martinus vart heidra med gullmedalje for banebrytande gardsdrift. Men «Fædrelandets Vel» galdt ikkje berre «Dets Sønners Ære». Motivet peikar vel også på «Dets Døtres Ære» - medrekna Tomine?

Arrangement inne og ute

Salen har vore mykje utleigd til små og store samankomster, fortel eigaren. Det gjeld bryllaup, konfirmasjonar, dåpsfester og merkedagar av ymse slag. - Og så kan vi jo ha konsertar her, føyer han til og røpar at favorittønsket i så måte er å få høre fulltonande mannskorsong på Kvennhuslåven!

Grendaplassen med gapahuk og ein liten fotballplass vart gjort på dugnad: - Før var det skogtjukt og ulendt her, men plassen vart eit triveleg og anvendeleg anlegg for Belagrenda!

Gapahuken og fotballplassen er resultat av initiativ og dugnad. Her er du velkomen, ser du!
Gapahuken og fotballplassen er resultat av initiativ og dugnad. Her er du velkomen, ser du!

Jau, kyrkjefolket denne messesøndagen fekk med seg at både uteområdet og dei tradisjonsrike innelokala her på Bele er arenaer for samver, kultur og rike opplevingar!