Pressemelding:

Randi Walderhaug Frisvoll

65 millionar kroner til fylkesvegar for tømmertransport - 20 millionar går til Folda bru i Surnadal

Publisert Sist oppdatert

– I dag kom samferdselsministeren ut med nyheita om 65 millionar kroner til fylkesveger for tømmertransport i forslag til NTP. 20 millionar av desse er foreslått skal gå til fv 65 Folda i Surnadal. Pengane vil gå til utbedring av vegen, som skal tilpassast tømmertransport og modulvogntog. Dette er en sak eg veit er viktig for næringslivet i området rundt Trollheimen, seier Randi Walderhaug Frisvoll (Krf) til Trollheimsporten. Frisvoll er nestleiar samferdselsutvalget i Møre og Romsdal og fylkesleiar i Møre og Romsdal KrF.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide seier dette om forslaget til ny Nasjonal transportplan:

– Fylkesvegane treng eit løft. Det har vi signalisert i ny Nasjonal transportplan, og vi viste det allereie gjennom budsjettforhandlingane for 2020 og 2021. No følger vi opp desse forhandlingane og fordeler om lag 65 millionar kroner til utbetring av fylkesvegar som er viktige for tømmertransport. Det vil gi betre vegar for folk og næringstransporten i heile Noreg.

For 2021 er det sett av 20 millionar kroner til utbetringar av fylkesvegar som er viktige for tømmertransport. I tillegg kjem det overførte midlar frå 2020 slik at det samla for 2021 blir utbetalt 46,9 millionar kroner. I tillegg er det for 2022 gitt tilsegn for 19,6 millionar kroner.

– Det har vore vanskeleg for fylkeskommunane å planlegge ferdig aktuelle prosjekt og gjennomføre bygginga. Derfor overførte vi ein stor del av løyvinga frå 2020 til 2021. Dette er til stor glede for tømmernæringa, seier Hareide.

Powered by Labrador CMS