Trollheimstankar

– Det e itjnå så kjem tå sæ sjøl!

Hei, Lars Inge Kvande. Har du ein tekst eller eit dikt du vil dele med lesarane på Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

«D e itjnå som kjæm tå sæ sjøl

Sjøl e du lett som ein spøl

Men sammen så veie vi flere tonn

Med littegranj hjølp gjær en littegranj månn

D e itjnå som kjæm tå sæ sjøl»

Hans Rotmo

Hjelpe kvarandre

– Denne songen har følgt meg opp gjennom tida, spesielt refrenget, seier Lars Inge. Ein kan ikkje falde hendene og vente på at ting skjer på bygda, her må alle bidra for at det skal bli triveleg å bu.

Lars Inge kjem frå Skrivarstua på Kvande, i dag bur han i nabohuset Nerlånna. Han har vokse opp i ein kultur der alle må vera med å arbeide, gamal og ung.

– Alle hjelpte til og gjorde det det dei kunne. I slåttonna kom tanter, onklar, søskenbarn og andre folk i storfamilien og var arbeidsfolk på garden vår. Dei arbeidde gratis, det var slik kulturen var. Vi hjelpte kvarandre, seier Lars Inge.

– Sammen så veie vi flere tonn

Denne bondekulturen har påverka Lars Inge.

– Ikkje alle gjorde det same, nokon laga mat, nokon kjørte traktor, nokon sto i siloen, vi hadde alle våre oppgåver etter kor gamle vi var eller etter kva slags eigenskapar vi hadde. Saman vart det ein heilskap.

Slik er det i andre samanhengar også, forklarer Lars Inge. I eit styre, i eit idrettslag, i støtteapparatet på eit fotballag, og ikkje minst i politikken.

Lars Inge på 90-årsjubileumet for IL Søya.

– Vi treng all slags folk. Vi treng dei som tør å snakke i store forsamlingar og dei som helst vil vera i bakgrunnen, vi treng folk med forskjellige erfaringar og bakgrunnar.

God inkludering

– Det er så utruleg kva ein kan bidra med i lag og organisasjonar, seier Lars Inge, men det beste med å engasjere seg er å oppleve det sosiale og inkluderande miljøet ein kjem til. Ein blir kjent med nye menneske og lærer mykje. Ein treffer stort sett trivelege folk, seier Lars Inge og smiler.

Lars Inge seier også at ein fordel med å engasjere seg og hjelpe til i lokalmiljøet fører til at ein kanskje møter folk ein vanlegvis ikkje omgås med. Dette har alle godt av, meiner han. Ein blir mindre fordomsfull av slikt.

Plass for alle

På A-laget på Søya hadde dei stor hjelp frå ein som heitte Magnus Ørsal på 80- og 90-talet.

– Han hadde sine utfordringar, fortel Lars Inge. Han kunne ikkje vera leiar eller kasserar i Søya, men han var til stor hjelp på A-laget. Han vart ein viktig person i støtteapparatet rundt laget og vart verdsett for arbeidet han gjorde. Han kunne få nokre stikkarar, men også gi stikkarar til spelarane, men eg trur han kjente på ein respekt og tilhøyrsle som han kanskje ikkje fekk frå andre plassar.

– Det er viktig at flest mogleg får moglegheit til å delta i idretten, idretten er ein god arena for å utvikle seg positivt og oppleve samhald og bli sett, seier Lars Inge

Mange jarn i elden

Dagleg leiar i Trollheim, styremedlem i fleire lag og gruppeleiar i SP Surnadal. Døgnet har berre 24 timar for Lars Inge og, korleis greier han det?

Lars Inge med kona Torill Bye og barna Marte og Knut Tore

– Eg trivst med å ha mykje å gjera, det einaste som gjer meg stressa er dataproblem eg ikkje får til å fikse sjølv, ler han, men stort sett er eg ikkje stressa.

– Det kan hende dei heime tykkjer det blir for mykje av og til, så dei skal ha ein stor takk, smiler Lars Inge.

Hardare klima i politikken

Frivillig arbeid og politikk, det er det Lars Inge brenn mest for, og SP har alltid vore partiet hans.

– Eg har lyst til å vera med å påverka kva slags samfunn vi skal leve i framover, seier han. Å vekse opp på gard har nok gjeve meg den tankegangen, ein må ta vare på det ein tek over og gje det vidare til neste generasjon i betre stand enn da ein tok over, seier Lars Inge.

– Det er veldig spanande å vera med i politikken, men det er store utfordringar, fortel han. Korleis skal ein legge til rette for at samfunnet skal bli så bra som mogleg med dei rammeføresetnadar ein har. Det er ikkje berre enkelt.

Lars Inge er oppteken av å ta vare på dei lokale beredskapstenestene.

– Eg meiner vi i Surnadal har, og skal ha, gode beredskapstenester som for eksempel ambulanse og brann. Eg trur ikkje brannberedskapen blir betre om formelle kvalifikasjonskrav blir stilt så høyt at ein mistar det lokale engasjementet. Dei lokale aktørane gjer ein kjempeinnsats for det lokalsamfunnet dei sjølv er ein del av, seier Lars Inge

Ordskiftet har vorte hardare dei siste åra. Sosiale media har nok mykje av skylda. Lars Inge seier at han bryr seg lite om kva som står i kommentarfelta. Han har andre ting å bruke energien sin på.

– Det er heilt umogleg at alle skal bli einige, seier han. Eg kan godt høyre på kva folk meiner, men eg kan ikkje gjera noko med det om vi er heilt ueinige. Eg spekulerer lite. Eg har faktisk ikkje tida til å spekulere på kva eg skal spekulere på, seier Lars Inge og smiler.

Engasjer deg!

Det trengs fleire folk i politikken. Lars Inge anbefaler folk å gå på nett og finne ut kva slags parti som passar for dei.

– Finn ut kva du brenn for!

– Samfunnet treng all slags røyster i politikken. Vi treng all slags folk til å vera med å gjera bygda vår til ein flott plass å vekse opp og bli gamal i, seier Lars Inge.

– Det e itj nå så kjem tå sæ sjøl!

Powered by Labrador CMS