ANNONSE, LEDIG STILLING:

Kontaktperson i Indre Nordmøre barneverntjeneste
Indre Nordmøre barneverntjeneste har ledig fast 100% stilling for kontaktperson.
Barneverntjenesta består av kommunane Surnadal, Rindal, Tingvoll og Sunndal. Surnadal kommune er vertskommune og tenesta er organisert med kontorstader både i Sunndal og Surnadal.
Vi er organisert i tre team med eigne teamleiarar.
To team, eit i Surnadal og eit i Sunndal, arbeider med avklaring av meldingar, undersøkingar og hjelpetiltak for barn som bur heime. Det er teamleiar ved begge teama.
Eit team arbeider med tilsyn, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen.
Arbeidsoppgåver i stilling som kontaktperson:
- Saksbehandling etter lvov om barnevern
- Systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, i nært samarbeid med andre
- Utstrakt kontakt med barn og foreldre/foresatte, der medverknad blir vektlagt
- Fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket
- Forberede, gjennomføre og følge opp saker i barnevern- og helsenemda og andre rettsinstansar
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, ønskeleg med relevant mastergrad
- Anna bachelorgrad kan bli vurdert om ein har vidareutdanning eller master som er relevant for arbeidet i barnevernet
- Ønske om barnevernfagleg arbeidserfaring
- Du må ha førarlort kl.B og kunne disponere eigen bil, men vi har også tenestebilar tilgjengeleg
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje skal vere eldre enn 3 månader
Personlege eigenskapar og fortrinn som er viktige i stillinga:
- å kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, m.a med tanke på tidsfrister
- vere god på å få til kommunikasjon og evne til å få til samarbeid
- kunne stå i pressa situasjonar over tid vere i stand til å handtere følelsesmessige påkjenningar
- framstå som trygg og sikker i barnevernfaglege vurderingar
- vere venleg og imøtekomande, men samtidig tydeleg og ha gjennomføringsevne
- kunne løfte blikket og tenkje heilheitleg
- å ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne er sentralt med tanke på dialog, god kommunikasjon og dokumentasjon i alle sider av arbeidet
Ved tilsetting blir det gjort ei samla vurdering av krava til kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og tilbakemeldingar frå referansepersonar.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til samtale.
Søknadsfrist: 05.10.2025