ANNONSE:

Sterk film - gratis filmvisning 18. september

Surnadal demensforening og helselag inviterer til gratiskino torsdag 18. september.

Da Stig fikk konstatert at han hadde alzheimer berre femti år gammel, bestemte han og lillebror John seg for lage film om åra som kom - sjølv om det ville kjennast nært og utfordrande. Stig ville vise, usminka og ærleg, korleis sjukdommen kom til å arte seg framover, for å spreie meir kunnskap om kva alzheimer gjer med dei som får den - og korleis sjukdomen påverkar dei nære rundt. 

21. september er "Den internasjonale Alzheimerdagen" og Surnadal demensforening og helselag har lagt fleire arrangement til same veka. 

Dei inviterer difor til gratis filmvisning torsdag 18. september kl. 1400 i kinosalen i på Surnadal kulturhus.

Da blir den timeslange dokumentaren om Stig og John vist.
"Hvor skal du bror?" vil gjera inntrykk - og nokon sikkert også klokare - så ein håpar at flest muleg tek turen til kulturhuset denne dagen. 

Velkomen!

Minner også om at  Surnadal demensforening og helselag arrangerer ope møte på sjukeheimen kvelden før, onsdag 17. september kl. 1800. Da kjem Anna Marie og Karl Laugsand, og Karl fortel om korleis det er å vera næraste pårørande til nokon med demens. Der er det også gratis inngang, og her er det i tillegg enkel servering og loddsal. 

Powered by Labrador CMS