Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune:
Midlertidig bru er opna for trafikk
Den midlertidige brua over elva Folda på fv. 65 i Surnadal er montert og tatt i bruk. No startar rivinga av gamlebrua.
Pilaren som står i elva er i god stand og skal nyttast på den nye brua. Når resten av gamlebrua er fjerna, blir det starta med å støype nye landkar, legge nye bjelkar og støype ny bruplate.
Lysregulering
- Den midlertidige brua er godkjent for modulvogntog og toler større vekt enn gamlebrua. Sidan den midlertidige brua er smalare, blir det lysregulering i heile prosjektperioden fordi trafikken berre kan gå ei retning om gongen. Trafikantane må difor rekne litt ekstra køyretid, seier byggeleiar Morten Ugelstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tømmertransport
Surnadal er den største skogbrukskommunen i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har fått 20 mill. kr i statleg støtte for å gjere utbetringar slik at Follabrua skal tole tømmertransport med totalvekt 60 tonn. Det er B&B entreprenør frå Rindal som har fått kontrakten på oppdraget. Ny bru skal etter planen stå ferdig i løpet av sommaren neste år