Surnadal kommune melder:

Korleis er det å vere syklist og fotgjengar i Surnadal?

Surnadal kommune har engasjert Plankontoret til å gjennomføre ein moglegheitsstudie for kommunen, og særskilt nedre Surnadal, med fokus på forholda for gåande og syklande.

Prosjektet er finansisert med klimasatsmidlar fra Miljødirektoratet.

Alle innbyggarar, lag, foreiningar og andre brukarar er velkomne til å gi innspel om korleis kommunen kan bli meir tilgjengeleg og attraktivt for gåande og syklande.

Føremålet er å kartlegge lokale behov og forbetringspotensiale for mjuke trafikantar, slik at nettopp du, borna dine eller naboane dine skal kunne bevege seg trygt og enkelt til og frå skule, arbeid og fritidsaktivitetar.

Når du engasjerer deg, gjer du Surnadal til ein betre stad!

Korleis kan du bidra?

Skann QR-koda og skriv di mening i feltet.

eller

Gå inn på linken: https://docs.google.com/.../1FAIpQLScunuJ6tJtszy.../viewform

eller

Send ein e-post til post@plankontoret.net med tema «Surnadal mobilitet»

eller

Ring oss hvis du vil møtes for å diskutere meir. Tlf. 974 34 019; 469 42 410.

Det er viktig at du skildrar kvar i kommunen utfordringane er! Legg gjerne ved eit kart dersom du har moglegheit.

Link til kart: https://geoinnsyn.no/?application=orkide&project=surnadal&zoom=11&lat=6983269.08&lon=485614.12

Powered by Labrador CMS