Stangvik kyrkje:

Konfirmantane i Torbjørn sine tre sokn møtte talrikt fram til den ekstraordinære undervisningstimen.

Fulltonande salmekveld

Publisert Sist oppdatert

Det vart ein vellykka kveld med salmebok og songkrefter i Stangvik kyrkje tysdag. Besøket vart godt, og songen tona friskt.

- Gledeleg at konfirmantane i Stangvik, Todalen og Åsskard slutta så mannjamnt opp om eksperimentet, sa prest og initiativtakar Torbjørn Brøske etterpå. «Eksperimentet» bestod i at konfirmanttimen med salmekunnskap som tema var gjort til ein open songkveld. Fulltonande bruk av salmeboka beviste at ideen var god.

Med seg hadde han damekoret Credo leia av kantor i Surnadal, Oddveig Helset Halle, barytonsongar Svein Volle, fungerande Stangvik-organist Bernt Bøe og altså konfirmantane pluss ei talrik forsamling. Kyrkjetenar Oddvar Væge sørga for velordna kyrkjerom og for det lille som denne gong trongst av lydutstyr.

Damekoret «Credo» var ein flott ambassadør ikkje minst for dei nyare salmane våre.

Torbjørn styrte kvelden med god innføring i songtypar og historikk. Variasjonsrikdomen i salmeboka kom fint til sin rett med kor, solo og allsong og med høveleg informasjon innimellom.

Oddveig Helset Halle er altfor sjeldan framheva for sin innsats som ein av distriktets mest aktive og best utdanna kulturpersonar. Ho yter orgelspel av høg klasse og er ein dyktig korpedagog, noko Credo igjen beviste med kultivert velklang og god formidling.

Oddveig Helset Halle leia kor- og allsong frå flygelet. I bakgrunnen initiativtakar og programleiar Torbjørn Brøske.

Barytonen Svein Volle fortener å bli lagt merke til. Av «bedehusdiktaren» Trygve Bjerkrheim sine hundrevis av songar tolka han Ønskekonsert-klassikaren «Det er makt i de foldede hender» og «Det strøymer ei livselv» - med klangprakt og ekte innleving.

Han var og forsongar i «Navnet Jesus» - songen som fyller 100 år i desse dagar. Med ei tydeleg begeistra forsamling, solist, kor og med komp av både pipeorgel (Oddveig), flygel (Torbjørn) og trøorgel (Bernt) vart det gjort stas på jubilanten.

Petter Dass høyrde med. Først forsikra Bernt Bøe at etternamnet ikkje betyr «utedo», men kjem av at slekta kom frå Dundee i Skottland og opprinneleg skreiv seg Dondas! Så tona uslitelege «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» - med tre ulike folketonar.

Petter Dass hadde tante frå Yttergarden i Stangvika

At Herr Petter hadde ei tante frå nettopp Stangvika, var nok ei aha-oppleving for dei fleste: Jau, Beret (Birgithe) Henriksdotter Rytter frå Yttergarden var nemleg gift med morbror hans. Endatil tittelen på det 21 vers lange minnediktet frå Petter da tante Beret døde i 1703, er stilfull poesi. Han skriv at ho har stridd «troens strid» - med «Seyers-Kronen till Dend Ære-Dyderige, nu meget himmelsalige Matrone Birgithe Henrichs-Datter …».

Og søster til Beret, Dordi (Dorothea) var gift med prestesønn Jesper Balchenborg i Sunndalen - som igjen var bror til Cecilie, kona åt den danske salmebiskopen Thomas Kingo!

Da var det naturleg at Kingo-salmen «Som den gylne sol frembryter» vart sungen. Sjølsagt til folketonen etter Johanne Taknes frå Halsa - melodien som bokstaveleg slo igjennom som eit paukeslag med Henning Sommerro, gruppa Vårsøg og koret Skruk si folketoneplate i 1978!

Like eins: Til ein folkemelodi frå Rindalen har Sverre Hatle skrive «Du er mi øy i havet», nr. 334 i vår nye salmebok. Sverre var sjøl til stades i Stangvik-kyrkja denne kvelden og fekk fortent applaus da salmen hans vart sungen!

Denne tonefylte konfirmantkvelden fekk ei ettertenksam og rørande avslutning med bøneropet «Kyrie», sunge til ein enkel og klangfull melodi frå Ukraina - eit land der dette ropet er særleg hørbart i desse tider.

Koralboka etter Gyda Evensen (organist i Stangvik frå 1920 til 1972) er eit velbruka klenodium! Innfelt: Helsinga frå Fredrik Bruseth, som gav henne boka til jul i 1924.
Powered by Labrador CMS