Nytt frå Surnadal NTN Taekwon-Do klubb:

F.v. Tania, Aurora, Heidi, Una og Kjell Gunnar.

Satsar i E-mesterskap

Fire jenter frå Surnadal NTN Taekwon-Do klubb skal i dagane mellom 25. april og 5. mai delta i eit stor internasjonalt E-mesterskap i disiplinen mønster. Ambisjonane er høge og vinnerviljen stor.

Publisert Sist oppdatert

Una Langeland Gravvold har delteke to gonger før, og har hamna på pallen i begge mesterskapa. No stiller også Tania Yu Auglænd, Aurora Dønheim Berle og Heidi Fiske. Tania stiller i klasse senior 2. Dan. Aurora og Una er i klassen junior 1. Dan og Heidi deltek i yngre junior 1. Dan. Ho er heilt fersk svartbelte, men har gjort kvantesprang teknisk.

International Taekwon-Do Federation (ITF) har som alle andre kontaktsportar hatt eit vanskeleg år, både med trening og konkurransar. Sparring er uaktuelt, og søget med mykje folk i ein stor hall er borte. No gjeld det å finne gode alternative løysingar for å halde konkurransemotivasjonen oppe. Kvar utøvar får ein kode med dei mønstra dei skal gå, og konkurrerer mot ein trekt utøvar. Her er det vinn eller forsvinn. Det sit dommarar frå heile Europa og gjev poeng. Frå hausten av håpar klubben at det blir muleg å delta i vanlege meisterskap att. NM er planlagt i Trondheim og Una og Aurora har planer om å forsvare landslagsplassen i junior til EM. Tania og Heidi ser også fram til å vera utfordrarar der.

Surnadal NTN Taekwon-Do klubb er først og fremst ein breddeklubb med sine 115 medlemmar, men har heilt frå midten av 90-talet også fått fram utøvarar på nasjonalt og internasjonalt nivå. Det handler i stor grad om å trene nok, rett og ambisiøst. Tania, som i år går på Nordmøre Folkehøgskule, er først og fremst mønsterutøvar, medan dei tre andre er allround og deltek både i mønster og sparring. Aurora satsar også spesialteknikk.

Det har vore mykje att og fram med treningstider og mulegheitar for trening på grunn av pandemien siste året, og klubben har som andre klubbar fått ein del fråfall av den grunn. Men frå hausten av veit klubben at det flyttar folk til bygda med konkurranseambisjonar, og i løpet av neste sesong flyttar også fleire med internasjonal erfaring og medaljer heim att etter studier.

Klubben har to avdelinger, ei i Surnadal og ei på Ålvundeid. Gruppene er omtrent like store. Avdelinga på Ålvundeid har ikkje vore så aktive på konkurransefronten, men det er i ferd med å snu. No blir det også etter kvart tilbud om konkurranseretta trening der. Men bredden er det viktigaste, og ja takk, begge delar, er også muleg, noko klubben har bevist.

Frå hausten av vil det, for den som har lyst, bli kick-boksetreninger i regi av klubben. Kampsportmiljøet i Surnadal har også ein fin tilvekst på gang med klubb i Brasilian Jiu Jitsu. Surnadal NTN ser på det som positivt, og samarbeider gjerne med dei om det er interesse for det. Frå før av har klubben eit samarbeid om rabattar og trening med Trollheimen Klatresenter og Trollheimen treningssenter. Folkehelse, treningsglede, sosial kompetanse og personleg utvikling er det viktigaste for Surnadal NTN Taekwon-Do klubb.

Powered by Labrador CMS