Trollheimstankar

– Vi «matchar» ikkje med alle vi møter, men vi kan vera snille med alle, seier Kristin Merethe

Snill

Hei, Kristin Merethe! Har du ein tekst, eit sitat eller eit dikt du vil dele med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Denne gongen blir det ikkje ein tekst, eit sitat eller eit dikt som blir delt, men eit ord. Snill.

Er snill eit oppbruka ord? Eit ord som har vorte sagt så mange gonger at det har mista meininga si? Svaret er nei, om du spør Kristin Merethe Fosseide Bjørnås.

– Snill er eit av dei viktigaste orda vi har.

Eit møte med Arthur Arntzen i Rindalshuset, ga Kristin Merethe eit minne ho aldri vil gløyme.

Optimistkonferanse

Kristin Merethe var med og arrangerte Optimistkonferansen dei fem første åra. Eit år hadde dei fått Arthur Arntzen, sjølvaste Oluf, til Rindal for å snakke på konferansen.

– Vi sat i garderoben «back stage», eg, Gro G. Løfaldli og Arthur. Han skulle snart på scena. Han begynte å fortelje om oppveksten sin, om mora, om fattigdom og harde levekår. Han nemnte ordet «snill» fleire gonger. Han sa det var så vakkert eit ord.

Både Kristin Merethe og Gro fekk tårer i augo. Det var ei sterk oppleving for dei begge.

Ord

Kristin Merethe har mange meiningar om det å vera snill. Ho tenkjer at det er greitt å ha ordet bakhovudet, «Er dette snilt?».

Ein ting ho vil ha slutt på er å fortelje kva andre har sagt, spesielt om det er noko negativt.

– Eg reagerer når nokon seier: «Du må vite noko, ho sa slik og slik om deg». Kva er vitsen i det? Det må vi slutte med! Det skal vera ganske alvorleg for at ein skal fortelje vidare kva andre har sagt.

Det er lett å tilleggje folk ord dei ikkje har sagt, eller vidareformidle ord ein sjølv har tolka feil, meiner Kristin Merethe.

Det øydelegg meir enn det gagnar, og det kan vera vanskeleg, ja, kanskje umogleg å bevisa at ord ikkje er sagt.

Etter at Kristin Merethe har vore på selskap går ho gjennom alle samtalane ho har hatt.

– Eg er redd for at andre skal bli såra, men når ein snakkar på inn- og utpust, og liker å omgås menneske, så er vel det ein risiko og ta, smiler ho.

Ho tykkjer vi skal sjå litt stort på ting. Å tilleggje nokon ord er skummelt. Er det snilt? Stå for det du sjølv seier i staden, og la andre sine ord passere.

Godheit smittar

Vi må ikkje vera redde for å krevja av barna våre, meiner Kristin Merethe.

– Barna sin oppførsel er vårt ansvar. Når barna mine går på skulen om morgonen pleier eg ofte å seie at: «Du, ja du, har ansvaret for at ingen sit åleine i dag». Kanskje det er mykje å forlange, men det krev eg faktisk.

Ho snakkar om viktigheita av å kunne sette seg inn i andre sin situasjon. Viktigheita med å bry seg. Å ta ansvar når nokon ikkje har det bra.

– Eg trur dei får det betre meg seg sjølv, dei som klarar å sjå andre og tora å ta ansvar. Det smittar også, godheit smittar. Ser du at kameraten din er snill, så vil du også vera snill. Heile miljøet blir betre.

– Det er det det handlar om, itj sant, å vera snill.

– Det er det det handlar om, itj sant, å vera snill.

Eksemplets makt

Kristin Merethe vrir seg litt i sofaen, teamet er litt «touchy». Ho vil ikkje framstillast som perfekt på noko vis.

– For det er eg ikkje, slett ikkje! Eg må arbeide med meg sjølv kvar einaste dag. Minne meg sjølv om å vera snill.

Kan tankane hennar skrivast på ein måte som viser at ho tykkjer det er eit tema vi alle, også ho, må prøve å bli meir medvitne om? Vi prøvar.

– Dei vaksne er verken betre eller verre enn barna, seier Kristin Merethe.

– Vi må hugse «eksemplets makt». Når vi sit saman på kafé, tribune eller møter, sit vi i ring eller i ein «u»? Er det lett å komme og sette seg i lag med oss? Vi «matchar» ikkje med alle vi møter, men vi kan vera snille med alle.

Kvardagen går, og tiden strekk ikkje til. Likevel bør vi ta oss tid til å tenke på vennskap og fellesskap, meiner Kristin Merethe.

– Vi skulle vore flinkare å invitere folk, og kanskje ikkje dei same folka kvar gong. Eg tenkjer på dei som kjem ny til bygda, for eksempel. Vi bør bli flinkare til å seie: «Bli med du óg ». Dette er noko eg prøver å læra meg sjølv, samt ungane mine, gjere det heilt vanleg å seia. «Bli med du óg», skulle ha vore eit slagord for bygda, det.

Kristin Merethe seier at ho prøver, men det er ikkje alltid ho får til å vera den personen ho ynskjer å vera. Om ho har ein avtale med nokre venner bør det vera plass til fleire, seier ho.

– Eg prøver å vera medviten om det. Eg bør også bli tøffare å seie ifrå om eg ser noko som ikkje er greitt, både når det gjeld barn og vaksne. Arthur har sagt at det er ikkje så farleg om vi ikkje hugsar dei 10 bod, så lenge vi kan ordet snill, fortel ho.

–«Du skal ikkje vera for snill», seier folk. Kaffer itj?

Powered by Labrador CMS