Sjøklein på Rørvatnet

Rindal Utmarkslag og Rindal Jeger og Fisk inviterte folk til familiedag ved Rørvatnet i Rindal sist lørdag. Det var fisking og skyting, og grilling av fisk og pølser.

Per Helge Pedersen og Bjørn Brekstad (over) hadde sett ut garn fredag kveld. Da var det så sterk vind og store, kvittoppa bølger at Per Helge heldt på å bli sjøklein, fortalte han. Det førte til følgjande kommentar frå ein frå ein annan kant av bygda:

Du veit du er rindaling når du blir sjøklein på Rørvatnet.

Over 40 rindalingar og høttrindalingar var innom plassen til Rørvatnet Vel i løpet av dei timane aktiviteten foregikk. Det vart servert kaffe og brus, pølsene fekk farge og varme på grillen, og sjølvsagt vart noko av fiskefangsten lagt på grillen og servert!

Ronja Grøset viser fram den fine fisken ho har tatt ut av garnet.

Sjølv om fangsten var rundt 40 fisk, både rør og aure, kunne den godt vore større, meinte fiskarane. Kanskje veret i går kveld verka negativt.

Det er viktig at ein reduserer fiskemengd i vatnet slik at den vert meir i samsvar med næringstilgangen, og dermed større. Derfor driv Rindal Utmarkslag og Rindal Jeger og fiskeforening med utfisking i fleire vatn i lag med grunneigarane.

Dei finaste fiskane vart grilla, sjå bilda nedafor, og nedst i artikkelen finn du ei bildeserie frå skyting med salonggevær.

Nils Ivar Grøset, ledar i Rindal Utmarklag, serverte pølser med brød
Dei største aurane, fordelaktig avbilda!
No skal fisken grillast!
Oda elska fisken!
Litt meir fisking, medan dei som budde nærast rodde heim.
- og enda eit kast til!
Airo var den første som prøvde seg på skyting med salong-gevær roleg instruert av Jon Ola Romundstad.
Airo klarte 28 poeng på si første skyteøkt.
Anne skaut seg opp på 38
Margrete klarte heile 44 av 50 mulege poeng!
Rakel sikta seg inn til 43 poeng
Hedda klarte 40 poeng, og du kan sjølv rekne ut kor mange blinkar desse klarte!
Powered by Labrador CMS