Møre og Romsdal Bondelag

Rovviltansvarlig i styret i Møre og Romsdal Bondelag, Kristin Gilje Sandnes

Arbeiderpartiet lèt jerven herje

Møre og Romsdal har dei største tapa av lam og sau til jerv i Noreg. Av 71 dokumenterte jervetap hittil i beitesesongen 2025 er heile 44 dyr tekne i Møre og Romsdal, viser tal frå Rovbase. Tapa som er registrerte, er berre dei dokumenterte tilfella – dei reelle tapa er mykje høgare.

Publisert Sist oppdatert

– Møre og Romsdal er det verste tapsområdet for lam og sau til jerv i Noreg, men Klima- og miljødepartementet er ikkje villig til å nytte handlingsrommet innanfor dagens regelverk for å få bukt med situasjonen. Dette skjer på Arbeidarpartiets vakt og er heilt forkasteleg, seier rovviltansvarleg i Møre og Romsdal Bondelag, Kristin Gilje Sandnes.

Overkøyrde rovviltnemnda

14. mai vedtok Rovviltnemnda i rovviltregion 6 lisensfellingskvote for jerv for sesongen 2025/2026. Vedtaket innebar ei startkvote på 31 jerv i heile regionen, inkludert éin jerv innanfor forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal. 19. august valde likevel Klima- og miljødepartementet å fjerne startkvota innanfor forvaltningsområdet i Møre og Romsdal – trass i at fylket år etter år toppar den nasjonale tapsstatistikken.

– Dette er eit demokratisk problem. Departementet overkøyrer vedtaket til rovviltnemnda og tek ikkje omsyn til at vi har den verste situasjonen i landet. Beitesesongen i år ligg an til å bli minst like ille som dei føregåande, seier Sandnes.

Uhaldbart bestandsnivå

Stortinget har vedteke eit bestandsmål for jerv i Noreg på 39 årlege ynglingar. I meir enn 20 år har bestanden lege på nesten det doble.

– Både Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet viser til at bestandsmålet er nådd innanfor forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal, men dei ser bort frå at den sørvestlege jervebestanden ligg høgt over bestandsmålet når ein ser region 3 og vår del av region 6 i samanheng, påpeikar Sandnes.

– Berre i rovviltregion 6, som Møre og Romsdal tilhøyrar, ligg vi på det doble av bestandsmålnivå. Vi skal ha 10 årlege ynglingar, men i fjor vart det registrert 20, legg ho til.

Lisensjakt er ikkje nok

I førre jaktsesong vart berre éin jerv felt i Møre og Romsdal gjennom lisensjakt, sjølv om kvota var på seks dyr.

– Dersom det hadde vore tillate å felle jerv i alle delar av Møre og Romsdal, også innanfor forvaltningsområdet for jerv, ville sjansen for å kunne å ta ut fleire dyr ha vore større, forklarer Sandnes.

– Møre og Romsdal Bondelag har tidlegare etterlyst at staten må ta et større ansvar for å drive bestandsregulering. Dugnadsinnsats frå vanlege jegerar, som lisensjakta er, er ikkje tilstrekkeleg. Det minste vi meiner staten kan gjere, med de tapstala vi har, er å lytte til rovviltnemndene, avsluttar ho.

Red.anm: Artikkelen ble oppdatert med ny tilpasset nyhetssak fra Møre og Romsdal Bondelag klokken 14.22.

Fakta

Lisensjakt: Lisensjakt er skademotivert felling av et bestemt antall individer av en viltart. Hensikten med lisensjakt er ikke å høste av et ressursoverskudd i naturen, men å redusere skader på husdyr.

Lisensjegere: Jegere som er registrert som lisensjegere i Jegerregisteret. Alle jegere som er over 18 år, har betalt jegeravgift for det aktuelle jaktåret og har overholdt rapporteringsplikt i henhold til forskrift 18. mars 2005 om forvaltning av rovvilt kan registrere seg som lisensjegere.

.

Møre og Romsdal bondelag
Powered by Labrador CMS