Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune:

Stangvikfjord legg til kai på Kvanne
Stangvikfjord legg til kai på Kvanne

Sikrar sjøbotnen på Kvanne ferjekai

Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett sikringa på Kvanne ferjekai. No er det sjøbotnen som skal sikrast mot utvasking.

Frå måndag 20. september blir det innstilte avgangar frå kl. 21.15 og resten av kvelden i tre veker.

Unntaket er laurdag kveld/natt til søndag når ferja går som normalt.

• Start måndag 20.09.21 kl. 21.15, arbeidsveka blir avslutta laurdag 25.09.21 kl. 05.15 (5 netter)

• Start søndag 26.09.21 kl. 21.15, arbeidsveka blir avslutta laurdag 02.10.21 kl. 05.15 (6 netter)

• Start søndag 03.10.21 kl. 21.15, arbeidsveka blir avslutta laurdag 09.10.21 kl. 05.15 (6 netter)

I arbeidsperiodane blir siste avgang frå Rykkjem kl. 21.00 med retur frå Kvanne kl. 21.15. Det kan bli forseinkingar på enkelte avgangar i arbeidsperioden fordi ferja må ta omsyn til anleggsarbeidet.

Arbeid på sjøbotnen

I juni vart steinfyllinga på den gamle dampskipskaia sikra med 22 meter lange stålspuntar som blei satt 18 meter ned i sjøbotnen.Frå 20. september skal sjøbotnen sikrast for å hindre ytterlegare utvasking frå ferjene. Massen som ligg på sjøbotnen i dag må fjernast og erstattast, før 42 betongmadrassar som kvar veg 9,8 tonn blir lagt utover botnen for permanent sikring.

Støy

Sikringsarbeidet må skje frå lekter i brubåsen der ferja vanlegvis ligg. Da kan det ikkje vere trafikk i sambandet. For å hindre trafikken i minst mogleg grad blir det jobba på natta. Det er gjennomført ei støyanalyse som har kartlagt kva bustadar som blir utsett for støy over grenseverdiane i regelverket. Det gjeld nokre svært få bustadar. Dei det gjeld får informasjon og tilbod om overnatting direkte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vil merke arbeidet

Mange som bur på Kvanne kan merke arbeidet godt sjølv støyen ikkje blir høgare enn regelverket tillét.

- Vi har stor forståing for at støyen kan opplevast som ei belastning og vil gjere det vi kan for å gjennomføre arbeidet så effektivt som mogleg. Det vil hjelpe å halde ventilar, vindauge og dører lukka dei nettene vi må arbeide, seier byggeleiar Oskar Einarsson i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bussavgangar

Innstilte ferjeavgangar fører til at også Fram Ekspress rute 902 sin avgang frå Molde kl. 21.00 køyrer berre strekningen Molde- Sunndalsøra.

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune: Byggeleiar Oskar Einarsson, telefon 970 86 371