79 år sia Spitfireflyet vart skote ned over Nordmarka

Her ser vi restane av flyet lagt utover før det vart teke med tilbake til England

Krigsminnesti på Nordmarka i Surnadal

5. mars er det 79 år sia eit engelsk overvakingsfly, på oppdrag for å fotografere krigsskipet Tirpitz i Trondheimsfjorden, vart skote ned over Nordmarka. Flyet, eit Spitfirefly (med kallenamn AA810), krasja ikkje så langt frå Andersvatnet.

Publisert Sist oppdatert

Flygaren; RAF løytnant Alastair Donald Mackintosh “Sandy” Gunn, berga seg ut i fallskjerm og landa trygt ein ukjent stad på Nordmarka. Han vart etter kvart funne av nokre frå lokalbefolkninga, men det var mange tyskarar i Surnadal under krigen så han vart snart tatt til fange. Etter ei natt i Surnadal vart han sendt til Tyskland for avhør og så til Polen og fangeleiren «Stalag Luft III». To år seinare vart han med på ei masseflukt kjent som «The great Escape» der 80 fangar rømde. Omtrent alle vart teke til fange igjen, og 50 av dei vart drepne, Sandy Gunn var ein av dei.

Det kunne vore slutten på denne historia, men i 2018 tok Tony Hoskins, ein Spitfireentusiast frå England, kontakt for å høyre om nokon i Surnadal visste kvar restane etter Spitfire AA180 låg.

Etter kvart kom det eit «bergingsteam» frå England, med BBC på slep, som henta ned ein stor del av dei vrakrestane dei fann på Nordmarka. Restane vart teke med til England og ein del av dei (dei best bevarte) skal brukast til restaurering av flyet. De finn meir om denne historia på Facebook (Spitfire AA180) eller på den offisielle heimesida til prosjektet: https://www.spitfireaa810.co.uk/

Spitfire-runden vil bli merka og stien vil vere om lag 6,5km

Når snøen har smelta på Nordmarka, vil det bli opna ein krigsminnesti til minne om den dramatiske flystyrten og hendingane som følgde i etterkant. Turstien er (i alle fall halvvegs) lagt opp som ein rundtur, og har av den grunn fått namnet «Spitfire-runden». Start- og sluttpunkt for turen er demninga ved Andersvatnet. Sjølve turmålet er plassen der flyet til Alastair Gunn gjekk i bakken, og ca. 100 meter før sjølve styrtstaden er det eit koseleg utsiktspunkt med rastebenk.

Stien vil bli tydeleg merka og skilta alt frå avkøyrsla til Ytre Nordmarksvegen på Nordmarka, så her skal alle kunne finne fram. At dette er ein litt spesiell tursti, er framheva ved at «air force blue» farge er bruka på skilting og merking.

Frå våren 2021 blir også dette eit Stikk UT!-turmål, men snøforholda på Nordmarka vil vera avgjerande for når stien kan opnast for ferdsel. Skiltinga vil vera på plass frå opning av turstien, og det vil også etter kvart koma opp fleire informasjonstavler langs ruta.

Kva har skjedd etter 2018?

Bergingsteamet reiste til England med vrakdelane, fast bestemde på at AA180 skulle restaurerast og settast i stand til å fly, planen er òg å bruke så mykje av vrakdelane som muleg i flyet.

For oss som følgjer prosjektet på Facebook ser vi dagleg nye oppdateringar på korleis dette går. Det vi òg legg merke til er kor stort prosjektet har vokse seg til å bli, det handlar no om mykje meir enn å rebygge eit Spitfirefly!

Det handlar òg om historia til dei pilotane som uvæpna drog på oppdrag for å samle informasjon over fiendtleg territorium, det handlar om å få fram og få anerkjent denne delen av krigshistoria, ettersom det har kvilt ein stor del hemmeleghald over den tidlegare.

Dei har sett i gang eit program (Aerospace Careers Program) som er eit prosjekt for å vekke interesse og for å rekruttere ungdom til å bli flyingeniørar/pilotar.

Dei arbeider med å få på plass ein minneplass for desse pilotane i England.

Alt blir filma av eit BBC team, i tillegg har Tony Hoskins skrive bok: «Sandy’s Spitfire, the incredible untold true story of a young spitfire pilot and his role in the great escape». Meir informasjon finn de på heimesida https://www.spitfireaa810.co.uk/news.

Den originale kompasshaldaren vart delt i to under krasjet.
Powered by Labrador CMS