LESERINNLEGG:

Urettferdig

Publisert Sist oppdatert

Vi har heldigvis nokre månader kunne samlast til gudstenester i kyrkjene att, etter å måtte greie oss med digitale gudstenester, som har vore fint i ein naudsituasjon, men som heldigvis er berre naudløysing, det er ikkje det normale liv.

Vi har gledd oss til fulle kyrkjer i advent og jul. Men no stenges samfunnet ned igjen på grunn av festing og bråk og fyll. Folk som ikkje har brydd seg om smittevernreglar. Det går sjølvsagt ut over alle som har fylgd reglane til punkt og prikke, t.d. ved kyrkjelege arrangement.

Vi finn oss i innstrammingar, men da bør det i alle fall vera rettferdig.

No får vi høyra at det ikkje blir tillatt meir enn femti deltakarar på gudstenester og andre kyrkjelege tilstelningar, fordi «det ikkje er fastmonterte seter» slik som på kino, teater, konsertlokaler, sportsarenaer etc. der det kan vera to hundre. Akkurat som om kyrkjebenkene ikkje er så faste som berre det. Så får vi høyra at det betyr at ein ikkje har faste, nummererte plassar. Dessutan «så kjenner kyrkjefolk kvarandre». Så da greier dei ikkje følgja reglane? Mistillit til dei som går i kyrkje. Vi har vore på både konsertar og teater der folk tydelegvis kjenner kvarandre og finn saman i ivrig samtale i foaje og restaurant i pausen. I kyrkja har dei til og med sløyfa den enkle kyrkjekaffen.

Og vi har deltatt på gudstenester nær sagt kvar søndag etter det vart opna, i fem forskjellige kyrkjer, Øye, Ranes, Stangvik, Todalen og Levanger. Alle stader har det vore praktisert strenge smittevernreglar med registrering, antibac, avstengde benker og god avstand. Til og med nattverden har vore gjennomført med trygge hygieniske ordningar og med oppfordring til avstand. (Som sjukepleiar har eg litt bakgrunn for å vurdera hygiene og smittevern som eg har praktisert mykje av lenge før koronapåboda kom)

Det er i dei fleste kyrkjer vi kjenner, plass til mange fleire enn femti med godt smittevern.

Korleis det kan gjennomførast ved julegudstenester og adventskonsertar er sjølvsagt eit problem. Men når eg har sett kor oppfinnsame kyrkjestabane har vore, så har eg tru på at dei også der kunne finna betre løysingar enn å stenga ned så mykje.

I alle fall må ein ha lov å spørja kvifor kyrkja skal forskjellsbehandlast slik frå anna kultur og sport som vi no opplever.

Einy Rendal Elgsæther

Powered by Labrador CMS